Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Samtaletilbod på chat eller telefon for barn og ungdom

Treng du nokon å prate eller chatte med? Her finn du telefonnummer og nettsider der du som ung kan prate med folk som har tid og lyst til å prate med deg.

Då kan du kontakte nokon i kyrkja di. For sjølv om kyrkja sine aktivitetar er avlyst, er dei kyrkjelege tilsette på jobb. Kyrkja sine tilsette har lang erfaring med å snakke med menneske i glede og sorg.

Ta kontakt med ein som arbeider i kyrkja eller din lokale kyrkjelyd om du ynskjer samtale! Nokre tilbyr å kome på besøk, medan andre tilbyd telefonsamtalar, videosamtalar eller chatting. Skriv inn di adresse i søket på kyrkja.no for å finne kontaktinfo til ei kyrkje nær deg!

Her finn du nokre andre samtaletilbod på chat eller telefon for barn og ungdom:

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111

Fleire barn har det ikkje bra heime, dei opplever lite omsorg og er utsette for overgrep og vald. Har du det slik heime? Eller kjenner du nokon som har det slik?

Ring Alarmtelefonen på 116 111. Dei vil hjelpe deg. Ring sjølv om du er i tvil! Erfarne vakter tar telefonen hele døgnet. https://www.116111.no/blog/pressemelding

Chat på nettkyrkja.no

Hjå nettkyrkja kan du chatte med prestar og diakonar om det du har på hjartet. Prestane er gode samtalepartnarar og er pålagt teieplikt. Du kan òg be bøner og tenne lys.

Samtale, melding eller chat med Kirkens SOS

Kirkens SOS har dyktige frivillige for samtale, om alt som skjer i livet. SOS Telefon er ope frå 07.00 til 03.00, SOS Chat er ope frå 18.30-22.30 og SOS Melding garanter svar innan 48 timer.

Blå Kors Chat-senter

Chat 100% anonymt med ein trygg vaksen. SnakkOmMobbing.no og SnakkOmPsyken.no er nasjonale chat-tenester for barn og unge mellom 9 og 19 år. Her kjem du i direkte kontakt med ein fagperson, heilt gratis og heilt anonymt.

Kors på halsen – Røde kors-telefonen 800 333 21

Kors på halsen er ei teneste der du kan spørje om det meste. Du kan nå dei på telefon, e-post, chat eller i forum på nett. Dei som svarar er frivillige i Røde Kors med god opplæring i å lytte, snakke og støtte barn og ungdom. Dei har taushetsplikt om det du fortel. Både dei og du er anonyme. Det betyr at ingen veit kven du er eller kven det er som svarar.

Hjelpetelefonen er gratis å ringe til både frå mobil og fasttelefon. Den er open frå klokka 14 til 20 måndag til fredag hele året. Du er heilt anonym, og det visest ikkje på telefonrekninga at du har ringt. Du kan sende e-post heile døgnet. Du kan snakke med dei på chat måndag til fredag frå 17 til 20.

 

Kontaktinformasjon til fleire organisasjonar som passar for ulike situasjonar finner du her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"