Satsing på kyrkja si teneste i samfunnsinstitusjonar

Kyrkjemøtet vil auke merksemda på tenestene ved mellom anna sjukehus, universitetet og høgskular, fengsel og i Forsvaret.

Sjukehusprest er et godt døme på kyrkja som er til stades på ulike institusjonar. (Illustrasjonsfoto Kyrkjerådet)

– Samfunnsansvaret til Den norske kyrkja som ei landsdekkande og diakonal folkekyrkje blir styrka i dette vedtaket frå Kyrkjemøtet. Kyrkja vil sjå på arbeidet i heilskap og arbeide for folks rettar, integritet og verdigheit når det gjeld tru og eksistensiell omsorg, seier Karin-Elin Berg, nestleiar i Kyrkjerådet og leiar i Borg bispedømmeråd. 

Ho meiner tenestene prestar og diakonar som er ansatt på samfunnsinstitusjonar gjer er ein viktig del av oppdraget som folkekyrkje. Kyrkjemøtet vil at arbeidet skal være sentralt for kyrkjas sjølvforståing, og i større grad vere ein integrert del av kva kyrkja gjer over heile landet.  

Bidrag til livssynsope samfunn

Erfaringane og kompetansen i dei ulike tenestene er med å utfordre og utvikle kyrkjas språk, teologi og rolle i samfunnet. Samfunnet er i endring og kyrkja vil stadfeste og verne om eit livssynsope fellesskap.

– Vi ønskjer at kyrkja skal vere til stade for menneske i ulike livssituasjonar. Utviklinga på trus- og livssynsfeltet og endra relasjonar mellom staten og kyrkja gjer at vi må tenke gjennom korleis kyrkja si teneste gagnar desse viktige institusjonane for samfunnet. Vi ynskjer òg vidare dialog med andre trus- og livssynssamfunn, seier Berg.

Kyrkjemøtet legg òg vekt på dialogen med politiske styresmakter og leiinga i dei ulike samfunnssektorane, og meiner kyrkja si dialogkompetanse i møte med andre livssyn vil være ein viktig del av arbeidet. Slik kan kyrkja bidra til å vidareutvikle trus- og livssynstilbodet til menneske som institusjonane kjem i kontakt med.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"