Set pris på variert sommarjobb

Over heile landet er det opne kyrkjer og ulike arrangement gjennom sommaren. Fleire stader er det unge som har sommarjobb med å opne dørene og prate med dei som kjem innom. Dei unge arbeidarane set pris på variasjonen i arbeidsoppgåvene.

Maja, Ida og Liv er nokre dei som har sommarjobb i Den norske kyrkja i år. På biletet i midten: Maja Vasshus (stående) og Ida Bilstad (på kne). På biletet øvst til venstre: Liv Åse Rygg. Foto: Randaberg kyrkjelege fellesråd.

– Eg søkte jobben fordi det var mange forskjellige oppgåver som skulle gjerast, mykje variasjon. Det ville gje meg fleire erfaringar.

Det seier Ida Bilstad, som er ein av dei unge som har sommarjobb i kyrkja på Randaberg utanfor Stavanger i år.

Rydding og svelelaging

På arbeidslista for ungdommane i Randabergkyrkjene står mellom anna hagearbeid, rydding, vere med på arrangement, lage kaffimat, snakke med folk og servere lappar.

– Eg søkte jobben for å få gode erfaringar vidare i livet, seier Maja Vasshus, som set pris på breidda av oppgåvene i sommarjobben:

– Det er gøy med mange ulike oppgåver!

Godt miljø

Maja og Ida er blant fleire unge som har sommarjobb i Den norske kyrkja denne sommaren. Kyrkjerådet lyste tidlegare ut midlar til lokalkyrkja med dette formålet.

Maja søkte jobb etter å ha vore konfirmant i år.

– Eg var konfirmant i år. Det er eit godt miljø i kyrkja, og eg likar å vere der. Eg møter mange forskjellige folk der, seier ho.

Ho synest det kjekkaste til no har vore å vere med på å arrangere sommarkonsertar, for ho får høyre mykje forskjellig musikk.

– Og så har eg har lært å lage lappar!

God tid til samtalar

Maja har også vore med som vertskap på «Åpen kirkestue», eit arrangement for eldre i Kirkestua like ved kyrkja i Randaberg Sentrum.

– Eg har likt å snakke med folk på arrangement, spesielt på Åpen kirkestue. Der er det god tid til samtalar og dei frammøtte har mykje å fortelje frå sine liv! Det tek eg med meg vidare.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"