Store forventningar til nytt utval

Regjeringa har oppretta eit ekspertutval som skal sjå på finansiering av trus- og livssynsamfunn. Kyrkjerådsleiaren ser fram til tilrådingane frå utvalet.

Store forventningar til nytt utval

– Vi er glade for at regjeringa har oppnemnd eit utval som skal greie ut finansieringsordning for trus- og livssynssamfunn. Vi ser fram til å følgje deira arbeid, gje våre innspel, og ser fram til å lese deira konklusjonar.

Det seier Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet, etter at Regjeringa i dag sette ned eit utval som skal vurdere korleis trus- og livssynssamfunn skal verte finansiert.

Toppe: – Sikre landsdekkande folkekyrkje

Statsråd Kjersti Toppe er tydeleg på at dette ikkje er ein debatt om staten skal finansiere trussamfunn eller ikkje.

– Men vi skal no sjå på om det finst ein betre finansieringsmodell enn den vi har i dag. Ein modell som både sikrar framtida til Den norske kyrkja som landsdekkjande folkekyrkje – samtidig som vi likebehandlar med andre tru og livssynssamfunn, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) i ei pressemelding.

Mandatet til utvalet, som vart godkjend av Kongen i statsråd fredag føremiddag, seier at utvalet mellom anna skal kartleggje kva som er utfordringar med dagens finansieringsmodell, og komme med ei tilråding til minst ein ny modell.

Regjeringa er tydelege på at utvalet blir ikkje sett ned for at det skal sparast pengar, eller kutte eller fjerne støtte.

Ekspertutvalet skal foreslå tilskotsmodellar som er føreseielege og står seg over tid og levere rapport innan 20. august 2025.

Rettferdig, berekraftig og føreseieleg finansiering

Åtte av ti nordmenn er medlem i eit trus- eller livssynsamfunn.

– Pengane som vert brukt på trussamfunn kjem svært mange til gode, og mange av desse bidreg med sosialt utadretta arbeid som når mange fleire enn medlemmene, seier kyrkjerådsleiar Hegstad, og legg til:

– Trus- og livssynssamfunna skapar samhald og gjev tilhøyrsle.

Han ser fram til å følgje utvalet sitt arbeid og kva som vert deira tilrådingar.

– Det er Stortinget og politikarane sitt ansvar å finne ein rettferdig, berekraftig og føreseieleg måte å finansiere Den norske kyrkja og andre trussamfunn på, som likebehandlar det som er likt mellom trussamfunn. Difor er det bra at regjeringa no set ned dette utvalet som skal bidra med kunnskap og nye forslag.

Utvalet skal bli leia av professor Eivind Smith og består av seks andre medlemmer: assosiert partner Tyra Margrethe Ekhaugen, statsforvaltar Gina Elisabeth Lund, rådgjevar Anders Einar Broderstad, stabssjef Øystein Daviknes Hagerup, pensjonist Bente Sandvig og administrerande direktør Jørn-Henning Theis.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"