Tid for sorg og å minnast

Denne helga er det allehelgen. Det er ei tid for å gje rom til sorg, sakn og minner over dei som er døde. – I år går også tankane til nordmenn som har mista familie og vener i Israel og Gaza, seier den leiande biskopen i Den norske kyrkja.

– I år går også tankane til nordmenn som har mista familie og vener i Israel og Gaza, seier preses Olav Fykse Tveit. Foto: Den norske kyrkja.

Søndag 5. november markerer Den norske kyrkja allehelgen, også kalla helgemesse.

Gjennom gudsteneste, opne kyrkjer, samtalar og lystenning ynskjer kyrkja å gje rom for sorg, sakn og ulike kjensler som ein kan kjenne på ein slik dag.

– I kyrkja er det rom for deg, for di sorg og ditt sakn, seier preses Olav Fykse Tveit.

– I år går også tankane til nordmenn som no har mista familie og vener i Gaza og Israel. Både jødar og muslimar i Noreg kjenner på stor sorg over kjente og kjære som er drepne i terrorangrepet 7. oktober og i krigføringa i Gaza som vi kvar dag er vitne til. Våre tankar går også til våre systerkyrkjer i området, som også sørgjer over sine.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"