– Regjeringa syner at dei meiner alvor med å satse på kyrkjene ved å sette av 300 millionar i tilskot for 2025, seier Oddbjørn Eide, dagleg leiar i kyrkjefondet.
Det er varsla ei gradvis opptrapping til 500 millionar etter at startskotet gjekk i 2024, slik skal det sikrast at det er tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse for å gjennomføre prosjekt som er planlagt.
I 2024 fekk 44 kyrkjer støtte frå bevaringsprogrammet. I denne runden får 127 kyrkjer tilskot, frå Grimstad i sør til Tromsø i Nord.
Trykk her for å sjå oversikt over kven som får tilskot på Riksantikvaren sine nettsider.
Kunnskap og kompentase
I år er det første gong delt ut tilskot til prosjekt under innsatsområdet Kunnskap og kompetanse.
– Dette er tilskot som både skal sikre og heve kvaliteten på arbeidet som gjerast på kyrkjene. Difor ønskjer vi at handverkarar, rådgjevarar og dei som forvaltar kyrkjene søkjer gjennom ordninga, slik at kunnskapen blir betre og utviklast i alle ledd, seier Eide.
Kyrkjebevaringsfondet starta opp i 2024, og i første rundet vart nærare 100 millionar delt ut som ein start på tilskotsordninga. Dette er andre søknadsrunde, og regjeringa har varsla ei gradvis opptrapping mot 500 millionar kroner årleg til kyrkjebevaringsfondet. Sjå bevaringsstrategien for kyrkjene her.