Håp i ei uroleg tid

Kyrkja har eit bodskap om håp i ei uroleg verd. Paulus skriv i brevet til Filipperne: «Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.» (Fil 4,7). Kyrkja er kalla til å forkynne denne bodskapen om håp i ei uroleg tid.

Kyrkjemøtet 2023 vedtok ei uttale om kyrkja som del av ei håpsrørsle og vårt oppdrag i samfunnet. Foto: Den norske kyrkja

Kyrkja er ei håpsrørsle. Oppdraget vårt er grunngjeve i Guds kjærleik til heile skaparverket og ansvaret vårt for å verne om alt det skapte. Håpet er vissa om at Gud ikkje har forlatt vår verd. Evangeliet om den oppstadne Jesus Kristus gjev næring til håpet om fred og forsoning, og kraft til endring i møte med klimakrise og urettferd.

Den norske kyrkja er ei folkekyrkje. Å vere folkekyrkje er mellom anna å forkynne Guds vilkårslause kjærleik, dele menneskes erfaringar og formidle Guds nærvær i det kvardagslege livet. Det som gjeld menneske, gjeld også Gud. Kyrkja opnar heilage rom for det alminnelege livet. Gud toler vår uro og bekymring.

Kyrkja melder seg til teneste

Konsekvensane av klimakrisa blir stadig tydelegare. I desse dagane kjenner også landet vårt på dei uføreseielege kreftene som klimaendringane fører med seg. Som kyrkje må vi kalle til omvending og handling. Verda må stå saman og søke endring for å verne om Guds heilage skaparverk. 

I heile verda står demokratiet under press. I nabolanda våre og i vårt eige land gjer ein førebuingar for krig og krigsliknande hendingar. Barn, ungdom og vaksne kjenner på ei uro i denne tida. Regjeringa sin totalberedskapskommisjon har teikna ut korleis Noregs beredskap skal førebuast. 

Den norske kyrkja forvaltar store ressursar: samlingsstader, infrastruktur, folk, kompetanse, erfaring og ikkje minst ein bodskap om håp som samfunnet og vi alle har bruk for. Kyrkja skal opne møteplassar og mobilisere tilsette og frivillige til beste for fellesskapet. Kyrkja både kan og vil nære håpet i ei uroleg tid. Det viktigaste av alt er å bidra i arbeidet for rettferdig fred. Vi melder oss til teneste! 

Gud gir kraft til forandring

Vi ynskjer å vere med og skape forandring i samfunnet slik at alle menneske kan møtast med nestekjærleik, respekt og likeverd. Skal kyrkja på ein truverdig måte kunne motverke polarisering, må alle som representerer kyrkja tale med tillit og rausheit, og med respekt for det universelle menneskeverdet som er gjeve oss av Gud. 

Kyrkjemøtet ser med alvor på at debattklimaet blir meir polarisert og er med å bidra til framvekst av ekstremisme. Sidan 22. juli 2011 er landet vårt rysta av fleire hatmotiverte terroråtak. Skytinga som var retta mot mennesker med LHBT+ identitet i Oslo i 2022, er det siste dømet på dette. 

Kyrkja ynskjer forsoning ved urett

Forsoningsarbeid er sentralt for kyrkja. Den norske kyrkja vil engasjere seg i forsoningsarbeid saman med urfolk og minoritetsgrupper.

Stortinget sin sannings- og forsoningskommisjon la fram sin omfattande rapport i juni 2023. Rapporten dokumenterer den norske statens fornorskingspolitikk mot samar, kvener/norskfinner og skogfinner. Kyrkja les rapporten med stort alvor. Den norske kyrkja har vore med på å legitimere og utføre overgrepa som er dokumentert i rapporten. Rapporten er viktig for kyrkja, og han må handsamast grundig. Kyrkja skal lytte til forteljingane og gå djupt inn i den store mengda med dokumentasjon som no ligg føre.  

Kyrkjemøtet samla i Trondheim 2023:

  • Oppmodar oss alle til å arbeide for eit sakleg debattklima på tvers av usemje og ulike meiningar.
  • Bed Kyrkjerådet om å legge til rette for ei grundig handsaming av Sannings- og forsoningskommisjonens rapport, og at Kyrkjemøtet får rapporten til handsaming.
  • Vil arbeide for å gjenopprette øydelagde relasjonar med menneske med LHBT+ identitet som kyrkja har påført stor skade og smerte.
  • Ynskjer at Den norske kyrkja deltek i landets totalberedskap.
  • Ynskjer brei oppslutnad om kyrkjevalet og takkar alle kandidatar som har stilt seg til disposisjon for årets kyrkjeval og alle frivillige og tilsette som er avgjerande for å gjennomføre kyrkjevalet.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"