Ventar hundre tusen i kyrkjene denne helga

Denne helga ventar Den norske kyrkja at meir enn hundre tusen skal innom kyrkja for å minne dei døde. Allehelgen vert markert med gudstenester, konsertar og opne kyrkjer.

Denne helga er det venta at meir enn hundre tusen nordmenn besøker kyrkja og gravplassar for å tenne lys og minnast dei døde. Foto: Den norske kyrkja.

Denne helga markerer Den norske kyrkja allehelgen. Søndag 3. november er allehelgenssøndag, også kalla helgemesse. 

Gjennom ulike minnemarkeringar samlar menneske seg i takk til Gud for livet som har vore, og er saman i sorg og sakn. 

Ventar hundre tusen innom kyrkja

Den norske kyrkja reknar med at over hundre tusen vil vere innom kyrkja dei komande dagane.

Årleg er det over 1 200 minnegudstenester på allehelgenssøndag, som kvart år samlar meir enn 85 000 deltakarar. I tillegg vil kyrkja vere open mange stader for å vere stille eller tenne lys inne i kyrkja – og denne helga er det også ei tid for konsertar. Ei oversikt over arrangement finst på skjerikyrkja.no.

Gravplassane vert ofte vakre lyshav denne helga. Mange besøker gravene for å tenne lys. Gravplassen er ein viktig stad for mange, i 2023 viste kyrkja si medlemsundersøking av 60 % var innom gravplassen i løpet av året.

Kyrkjetilsette på torg og kjøpesenter 

– Fleire stader er medarbeidarar ute på kjøpesenter, torg og gravplassar for å dele ut lys, slik at folk kan gå og tenne eit lys på grava til minne om ein død. 

Det seier leiar i Kyrkjerådet, Harald Hegstad, og held fram:

– Denne helga samlar mange seg i kyrkjene for å vere saman i takksemd og sakn etter våre kjære, men også med bønn om Guds hjelp i sorga. 

Minnemarkeringar for dei døde er blant dei eldste kristne skikkane. Først for dei kristne martyrane som vart drepne for si kristne tru – men seinare kom ønsket om ein minnedag for alle døde.

Les meir om allehelgen-markeringa på kyrkja.no/allehelgen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"