Kateket Anne Marie

Kateket? Ikkje eit sjølvsagt val for Anne Marie Sødal. Men ho har ikkje angra.

– Kjære Gud, kva skal eg finne på neste år?

Anne Marie går kveldstur. Jenta frå Torvikbukt på Nordmøre har teke pause frå aktivitetar og moro på folkehøgskolen. Anne Marie anar ikkje kva ho skal bli. Ho ber.

Kateket! Ordet ramlar brått ned i hovudet. Hæ, det yrket har eg jo aldri vurdert før, tenkjer Anne Marie.

– Eg visste kva yrket var, og eg hadde fått høyre av mange at eg burde bli lærar. Etter denne opplevinga måtte eg tenkje over det. Først tenkte eg det kunne bli skummelt med konfirmantar. Etter kvart fann eg ut at eg kunne starte med det første året og tenkje vidare medan eg studerte.

– Etter kvart som eg studerte, kom opplevinga av at ja, eg skal bli kateket. Praksisen i studietida var viktig. Eg oppdaga at konfirmantar ikkje er skumle, at det er mykje fint som skjer i jobben, og at eg meistra arbeidsoppgåver som kateketar kan ha.

Det er ti år sidan Anne Marie sat usikker på studiebenken. Etter fire år i Østfold, så ei stund i Døvekirken, er ho no kateket i Fræna.

– Eg har veldig varierte dagar. Det beste er møtet med alle menneska.

Å høyre konfirmantar som ropar når eg går over skoleplassen: «Hei, du kyrkjedama! Når er neste konfirmanttime?» Det vi gjer, det er viktig. Eg får formidle Jesus til både barn, unge og vaksne. Men det er utfordrande òg.

Somme gonger får Anne Marie høyre: «Du burde bli prest, du!»

– Da svarar eg alltid at det er viktig med gode kateketar òg. Kyrkja treng ulik kompetanse. Som kateket har ein kontakt med alle frå 0 til 100 år.

5 års masterstudium
Gjennomsnittslønn kr 463 368