Søndag for dei forfølgde

«Søndag for dei forfølgde» er ein viktig global merkedag i kyrkjeåret. Denne dagen står kyrkjelydar over heile verda saman i bøn for den forfølgde kyrkje. Menneske som vert forfølgde for si tru, ber om vår forbøn og støtte.

Søndag for dei forfølgde

Dagen vert markert andre søndag i november, som i år fell på 13. november, eller ein annan egna søndag som passar i kyrkjelyda.

Kyrkjeleg plikt

Kristne vert drepne og kidnappa i Nigeria, ofte utan at norsk presse omtalar tragedien. På Søndag for dei forfølgde løftar vi fram og ber for dei ofte gløymde forfølgde.

Det er mange grunnar til å markere Søndag for dei forfølgde i norske kyrkjelydar. Her er nokre av dei:

  • I Pakistan vert kristne jenter og hindujenter kidnappa av muslimske menn som tvangskonverterer dei og tvingar dei til ekteskap. Stefanusalliansens partnar hjelper fleire av dei til fridom.
  • I Nord-Korea vert kristne fengsla, mange vert stengde inne i dei mest berykta fangeleirane i landet, leirar for politiske fangar, der det knapt er råd å koma levande ut. Kristne som klarar å koma seg ut av Nord-Korea, fortel historiene sine gjennom Stefanusalliansens partnar, historier kyrkjelydar kan bruka til informasjon og forbøn.
  • I India rettar hindunasjonalistiske valdsgrupper angrep både mot muslimar og kristne. Historiar får du gjennom Stefanusalliansens vener som stiller opp for folk som vert nekta trusfridom.
  • I Tyrkia må små kristne kyrkjer leve under heilt andre vilkår enn det muslimske fleirtalet. Men kyrkjer rapporterer likevel om at nye kjem til tru. I Nord-Irak og Nord-Syria må kristne flykte for tyrkiske luftangrep mot kurdiske basar. I Irak og Syria kjempar folk seg tilbake til eit liv etter år med terror og brutal krig.
  • I Sentral-Asia lever pastorar under et kraftig press frå miljøet rundt. Hos ein av Stefanusalliansens partnarar i eit anna, trygt, land får dei ein pustepause for å samle nye krefter.

 

Verdsomspennande markering

Søndag for dei forfølgde (SFF) vert markert i mange kyrkjer verda over. Her i landet brukar mange kyrkjelydar andre søndag i november. Men også andre søndagar kan nyttast. Det viktigaste er å bruka ein søndag til å spreie kunnskap, utfordra i forkynninga, gje ei gåve og la seg inspirere av menneske som lever i land der det verkeleg kostar å leve ut kristen tro.

Ekstra viktig i år

Nettopp i år kan det vera ein ekstra grunn til å markere Søndag for dei forfølgde. Ein del kyrkjer slit med at oppslutnaden om gudstenester har gått ned samanlikna med tida før pandemien som førte til stengde kyrkjer i periodar. Kanskje kan norske kyrkjelydar bli inspirerte av kristne i land som til dagleg møter restriksjonar? Kva kan iranske kristne som ikkje har eit lovleg gudshus å be i, lære norske kyrkjelydar om kor viktig fellesskap og gudsteneste er?

Utfordringa om å markere SFF går til alle kyrkjelydar i Den norske kyrkja og til alle frikyrkjer. Engasjementet på den aktuelle søndagen kan strekkje seg frå offer og informasjon under kunngjeringane, til å laga ei heil gudsteneste med vekt på temaet.

Tilgjengelege ressursar

Stefanusalliansen har laga gode ressursar for å markere SFF. På nettsida deira finner du

  • Vitnesbyrd frå enkeltmenneske
  • Artiklar om land
  • Bøner og dikt
  • Hjelp til å lage preike
  • Forslag til heile gudstenester
  • Filmar om forfølgde
  • Salmar og songar både for Den norske kyrkja og frikyrkjer
  • Opplegg til familiegudsteneste
  • Tekstar om Stefanus, den første kristne martyren.

Med hjelp av ressursane på nettsida kan kyrkjelydar ha nok ressursar til ei god markering av Søndag for dei forfølgde. Kristne i mange land treng at vi stør dei og ber for dei – og let oss inspirere av deira vitnesbyrd.

For meir informasjon eller spørsmål, klikk dykk inn på ressursside for SFF eller ta kontakt på post@stefanus.no.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"