Salmeboka - eit smykkeskrin

I salmane møter vi Evangeliet i heile sin rikdom, lagt til rette i kunstnarleg form. Den bibelske bodskapen i alle sine fasettar er samla i ein einskap av to kunstverk; eit dikt og ein komposisjon.

Salmane har vorte til der bodskapen og livserfaringane møtest. Gjennom tre tusenår med salmesong har det skifta kva ein har festa seg ved og vektlagt av det rike innhaldet i Bibelen – nett som ein vakker og verdfull stein kan verta slipt og forma i ei mengd av fasettar. Dei litterære formene og den musikalske stilen har òg utvikla seg gjennom hundreåra. Salmane ber difor med seg eit avtrykk av tida og staden som skapte dei.

Dei mange namna og årstala i salmeboka ber vitnemål om menneske i ulike tider og med ulike lagnader. Det mest verdfulle frå alle tidsaldrar er gjeve vidare til oss. Salmeboka er difor den rikaste kjelda vi har til teologi og trushistorie frå ulike tider. Samstundes er ho ei makelaus kulturhistorie i konsentrert form. Salmeboka er eit smykkeskrin.

Norsk salmebok 2013
Arbeidet med Norsk salmebok 2013 starta i 2004,  som ein del av gudstenestereforma. Resultatet er ei salmebok med 991 nummer, av desse er 535 salmar vidareførte frå Norsk Salmebok (1985) og 124 salmar er videreført frå Salmer 1997. 272 salmar er nye, og bland desse er både mange kjende og fleire nyskrevne salmar.

Den nye salmeboka har ei langt større sjangerbreidde enn tidlegare salmebøker. Her står dei tradisjonelle salmane side om side med gospel, spirituals, såkalla moderne lovsong, viser, afrikanske, latin-amerikanske og asiatiske salmar. Innslag av salmar på dei tre samiske språka og kvensk syner det språklege mangfaldet innafor Den norske kyrkja. Salmar på engelsk og andre framandspråk er komne med, noko som reflekterar at kyrkja er internasjonal, og som samstundes gjev hjelp til å inkludera innvandrarar i norske kyrkjelydar.