Medlemskap i kyrkja

Over 70 % av befolkninga i Noreg er medlem i kyrkja. Sjå ditt medlemsskap, meir om kva det vil seie å vere medlem og korleis du kan bli medlem i Den norske kyrkja her.

Kyrkja si oppgåve er å bringe bodskapen om Jesus Kristus som verda si Frelsar til alle menneske, utan omsyn til dei motiva folk har for å søkje seg til kyrkja sine tenester. Bispedøma, prostia og sokna (= kyrkjelydane) er geografiske einingar som dekkjer heile landet. Alle innbyggjarane i Norge bur altså i eit av Den norske kyrkja sine sokn.

Alle er velkomne i Den norske kyrkja

Den norske kyrkja er ei open folkekyrkje som vender seg mot heile befolkninga – også utmelde og andre som ikkje er medlemer i Den norske kyrkja, er velkomen til kyrkja sine gudstenester og andre arrangement.

Ynskjer du å bli medlem av Den norske kyrkja, men ikke er døypt, kan du lese mer om dåpen her. Ta kontakt med kyrkjelyden der du bur for å planlegge dåp. Alle er velkomne til dåp.

Medlemer gjev ulike grunnar for medlemskapen sin. For nokon tel respekt for kristen tradisjon og kultur sterkast, medan det for andre bunner i eit djupt personleg engasjement. Kyrkja ber aldri om grunngjeving for kyrkjemedlemskap hjå den einskilde.

Verdensvid kyrkje

Som kyrkjemedlem er du del av den verdsvide kristne kyrkja. Saman arbeider kyrkjene for ei betre verd for oss og for kommande generasjonar.

Fundamentet er bodskapen til Jesus Kristus om kjærleik til medmenneska. Kyrkja formidlar håp og gir støtte til den som er ramma av sorg og smerte. Kyrkja gir hjelp til å uttrykke den gleda ein kjenner over å ha fått barn eller funne ein partnar. Kyrkja samarbeidar med andre gode krefter om å bygge eit godt samfunn.

31. desember 2018 var 71 % av befolkninga medlem av Den norske kyrkja. Medlemer over 15 år har røysterett ved val i kyrkja.

Er eg medlem?

Sjå om du er medlem i Den norske kyrkja eller ikkje på Min side.

Opplysningar om medlemskap i trus- og livssynssamfunn kan ein få ved å ta kontakt med Brønnøysundregistra på telefon 75 00 75 00.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"