Fekk innspel frå fagforeiningane

På det første møtet i 2021 inviterte Hovudutvalet som greier ut ei ny organisering av kyrkja dei ulike fagforeiningane til å gje innspel på arbeidet. – Innspel frå dei tilsette er svært viktig om vi skal lukkast, seier utvalsleiaren.

Hovudutvalet som har fått i oppgåve å sjå på ei organisering mellom sokne- og bispedøme-nivået, møttest til eit to dagar langt digitalt møte, 21. og 22. januar. I løpet av møtedagane var utvalet innom fleire tema, mellom anna dagleg leiing, representasjon, og korleis ein kan skape samanheng i kyrkja. I tillegg møtte dei representantar for dei tilsette.

Komplekse spørsmål om kyrkjeorganisering

— Vi har hatt gode og konstruktive diskusjonar om vanskelege tema, seier Morten Müller-Nilssen. Då han takka ja til å vere leiar for Hovudutvalet, var det ikkje timeslange videomøter han såg for seg. – Det er ikkje ideelt for å finne svar på komplekse spørsmål i dette formatet, men vi har kompetente utvalsmedlemer og eit dyktig sekretariat som gjer at arbeidet framover.

Müller-Nilssen fortel at dei jobbar med rapportutkast, men han kan ikkje seie kva utvalet kjem til å anbefale før rapporten er levert. – Det er fleire store spørsmål der vi ikkje har konkludert enda. Det vil først vere klart når vi ser det store biletet heilt til slutt: Dei ulike alternativa i eitt spørsmål, gjev ulike alternativ i andre spørsmål.

Involvering av fagforeiningane

I sak KR 59/19 har Kyrkjerådet gjeve Hovudutvalet rammene for prosjektet. Her er det presisert at arbeidet skal sikte på brei involvering undervegs. I august og september inviterte prosjektet til digitale innspelsmøter, med over 2800 deltakarar – av både frivillige, folkevalde og tilsette.

I løpet av 2020 har prosjektleiinga hatt fleire møte med fagforeiningane, som representerer dei tilsette i kyrkja. På det utvalsmøtet den 22. januar fekk fagforeiningane møte heile utvalet for å gje innspel. – Ei ny organisering av kyrkja vil få konsekvensar for dei om lag 7000 som arbeider i kyrkja. Difor er innspel frå dei tilsette er svært viktig om vi skal lukkast, seier utvalsleiaren.

Etter ei kort innleiing om status og sentrale problemstillingar, fekk dei om lag 20 fagforeiningsrepresentantane gje sine innspel og kommentarar. Det kom fleire ulike innspel. Til dømes var eitt av innspela om at ny organisering må sikre fleire heiltidsstillingar, medan ein annan tok til orde for fleire større felleseiningar som kan utøve administrative oppgåver, til dømes arkiv, lønn og personaloppgåver.

Representantane hadde fått tilsendt nokre spørsmål på førehand, som utgangspunkt for diskusjonen. På nokre punkt var dei ulike fagforeiningane samstemte, mens det var usemje om andre spørsmål. Müller-Nilssen opplevde det som eit nyttig møte. – Det er verdifullt å få høyre kommentarar og reaksjonar frå dei tilsette, både for meg og resten av utvalet.

Møte med Nettverket for fellesrådsleiarar

Utvalsleiaren har saman med prosjektdirektør Inger Kari Stensrud også hatt digitalt møte med representantar frå Nettverk for fellesrådsleiarar. I møtet gav Müller-Nilssen ein presentasjon av status i arbeidet, og nettverkrepresentantane presenterte resultatet av ei spørreundersøking som dei har gjennomført blant leiarane i dei kyrkjelege fellesråda. – Involvering og tilbakemeldingar frå folkevalde er nyttig og viktig, seier prosjektdirektøren.

Forseinka rapport frå hovudutvalet

Sjølv om arbeidet med ny kyrkjeordning går framover, innrømmer utvalsleiaren at koronapandemien skapar utfordringar. Prosjektet skulle opphaveleg ha levert rapport ved nyttår, men nedstenginga i mars 2020 forseinka arbeidet, og i juni gav Kyrkjerådet ny frist for levering til 1. mars.

– Vi ser at nedstenginga no på nyåret igjen forseinkar arbeidet, og vi har difor bede Kyrkjerådet om ein noko utvida frist, seier Müller-Nilssen. – Sjølv om digitale møter fungerer, er det ikkje ideelt når vi no nærmar oss slutten på utvalsarbeidet. Vi tek sikte på å levere i løpet av mars, men dette kan bli endra avhengig av situasjonen, og vi har varsla direktøren i Kyrkjerådet om dette.

Etter at rapporten er levert er Hovudutvalet ferdig med sitt arbeid. Då vil Kyrkjerådet ta saka vidare, med ei brei høyring i kyrkja, før det til slutt er Kyrkjemøtet som gjer vedtak.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"