Digital førehandsstemming vil gjere det lettare for veljarane å delta ved valet, og kan auke valdeltakinga. Det vil også forenkle arbeidet med valet lokalt, mellom anna ved at det blir færre stemmesetlar på papir å telje opp.
Det blir for tida arbeidd med korleis ein skal løyse både prinsipielle og praktiske spørsmål. Systemet som blir valt må sikre hemmeleg val og det må leggast opp så det blir lett for sokneråda å få tilgang til resultatet av dei digitale stemmene.
Det er sendt ut ei høyringa om særskilte reglar for digital førehandsstemming med høyringsfrist 6. november 2020. Alle interesserte kan sende høyringssvar, om dei ønskjer. Du finn høyringa på høyringssida til Den norske kyrkja, sjå lenke under.