Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Rundskriv fra Kirkerådet om Kirkevalget 2015

Kirkerådet sender ut rundskriv om saker menigheter og kirkelige fellesråd må være orientert om. Rundskrivene går som ebrev til menigheter/fellesråd, og finnes på denne nettadressen: www.kirken.no/rundskriv

Rundskriv nr 4-2015 frå Kyrkjerådet (2. september 2015)
Viktig siste informasjon om gjennomføringa av Kyrkjevalet 2015
>> Nynorsk (pdf)   >> Bokmål (pdf)

Til sokneråd, kyrkjelege fellesråd, prostar, bispedømeråd

Valmanntalet
Valmanntalet er i 2015 likt som ved førre val. Veljarane skal ved røystinga berre kryssast av ein gong i manntalet, sjølv om det vert røysta både ved soknerådsvalet og ved bispedømerådsvalet. Denne prosedyren er tilstrekkeleg, og svarar til prosedyren ved kommunestyre- og fylkestingsvalet. På denne måten vert talet på personar totalt som har røysta registrert. Informasjon om kor mange som røysta ved det eine eller det andre valet, vil kome fram etter kvart som dette vert registrert i valmodulen.

Det har vore arbeidd mykje med å betre datakvaliteten i medlemsregisteret den siste tida. Framleis er det nokre personar som ikkje får rett røystekrins eller rett sokn kopla til si adresse i registeret. Desse har diverre motteke valkort med feil og/eller mangelfull informasjon, og møter gjerne opp i det soknet dei meiner å høyre til og ønskjer å gje si røyst der. Dei som ikkje har fått tildelt røystekrins, blir gjerne ståande under røystekrins «ukjend». Dei som ikkje er registrerte med sokn, vil ein ikkje finne i manntalet i det heile. Det er utarbeidd eit skjema som kan nyttast ved slike tilfelle, skjema 2.3.2 Grunngjeving av ønskje om å røyste. Det er valstyret sitt ansvar å godkjenne eller forkaste røystesetlane. Det vert tilrådd at det ved oppteljinga av røystene er mogleg å kontakte ein person som har tilgang til medlemsregisteret, slik at ein kan finne informasjon om personar som ein ikkje finn i manntalet. Dersom ei røyst frå ein veljar som ikkje står i manntalet vert godkjend, må vedkomande førast inn for hand i manntalet og det må kryssast av at personen har røysta.

Tilsette vil også i år vere merka av i manntalet på førehand. Dette gjeld tilsette som etter reglane ikkje har røysterett ved val på lek medlem til bispedømerådet (Regler for valg av bispedømmeråd og Kirkemøtet §§ 5-2 og 6-2). Tilsette i desse kategoriane har fått røystesetlar og anna materiell frå bispedømekontora. Frist for innsending er 14. september. I det førebels manntalet som sokna har hatt framlagd, har det vore manglar i registreringa av tilsette. Feilen er no retta opp, og avkryssinga i manntalet skal no spegle dei opplysningane arbeidsgjevarane har rapportert inn til AA-registeret. Prestar som ikkje er tilsette i bispedømeråda, fellesråda eller sokneråda, må registrerast for hand. Bispedømekontora vil melde frå til valstyra om desse få tilfella. Det kan tenkast at det er veljarar som har kryss for «ansatt» utan at dei faktisk har røysterett ved val av geistleg eller lek kyrkjelege tilsett representant. Valstyret må då vurdere kvar enkelt sak og ta stilling til om veljaren også skal få røyste i val av leke medlemmar til bispedømerådet.
Endeleg manntal skal skrivast ut etter 1. september. Kyrkjerådet vil tilrå at dette vert gjort tett opptil valdagen, slik at manntalet er mest mogleg oppdatert.

Røystesetlane frå bispedømerådsvalet
Valstyra skal ikkje handsame røystesetlane til bispedømerådsvalet utover å telje dei og å sende dei vidare til bispedømet. Ingen røystesetlar til bispedømerådsvalet skal forkastast av valstyra. Røystesetlar frå bispedømerådsvalet skal sendast til valrådet i bispedømet innan onsdag 16. september, og etter den prosedyre som er nemnt i Valhandboka s. 83, rettleiing 2.1.11 (del B, punkt 2). Før innsending skal følgjeskrivet frå valmodulen fyllast ut og leggjast ved røystesetlane (dette bør skrivast ut på førehand). Om bispedømet ikkje har bestemt noko anna, skal røystesetlane sendast med post. Det skal ikkje nyttast rekommandert post, men røystesetlane må sendast slik at dei kjem fram snøgt og kan verte spora («Ekspress over natten» vert tilrådd på det sterkaste).

Nytt i reglane for oppteljing
Det er gjort nokre endringar i reglane sidan 2011. Strykingar skal det ikkje takast omsyn til. Det er også sett ei grense på opptil tre tilleggsrøyster og opptil tre påførte namn. Tilleggsrøyster og namn utover dei tre øvste skal det ikkje takast omsyn til (jf. Regler for valg av menighetsråd §§ 11-4 og 11-5). Nytt er også at det i nokre tilfelle har vore opna for supplerande nominasjon. Desse kandidatane er plasserte nedst på vallista ut frå loddtrekking. Dersom det er røystelikskap der supplerande kandidatar er involverte, er det ikkje rekkjefølgja på vallista som fastset resultatet. Røystelikskap som involverer supplerande kandidatar, skal alltid avgjerast ved egen loddtrekking.

Slik reglane no er utforma, er det svært sjeldan at ein røystesetel må forkastast. Dersom det er merka på røystesetelen kven som har røysta eller dersom det ikkje er stempel på røystesetelen, skal han forkastast. Kontor for studentprestar og feltprestar vert rekna som kyrkjekontor, med høve til å gjennomføre førehandsrøysting. Førehandsrøyster frå desse kontora skal difor godkjennast som førehandsrøyster frå andre kyrkjekontor.

Rapportering av valresultat
Etter valet skal valresultat og andre opplysningar leggjast inn i valmodulen (jf. Regler for valg av menighetsråd § 11-6). Valdeltaking og valresultat skal rapporterast innan 16. september. Det er særs viktig at denne fristen vert følgt. Dette skuldast blant anna kravet om offentleggjering av resultata. Også andre opplysningar bør rapporterast snøggast råd, og seinast innan 1. oktober.

Kyrkjerådet er klar over den store arbeidsbøra kyrkjevalet representerer lokalt, og det er imponerande å sjå den store innsatsen som vert lagt ned for å gjere valet tilgjengeleg for veljarane. Dette skaper igjen interesse og forventningar om at valresultatet vert gjort offentleg snøgt etter valet. Det er også avgjerande viktig for den forskingsmessige evalueringa at rapporteringsfristen vert følgt. KIFO (Stiftelsen Kirkeforskning) skal ha evalueringa av Kyrkjevalet 2015 ferdig innan 1. februar 2016. For at dei skal verte ferdig i tide, må dokumentasjonen vere inne til fastsett frist. Sjå elles Valhandboka s. 83, rettleiing 2.1.11 (del B og C).

Inkluderande kyrkjeval
Vi minner om at kyrkjevalet skal vere eit inkluderande og tilgjengeleg val for alle. Det er viktig at vallokalet ikkje har hindringar for rullestolbrukarar eller andre som kan verte hindra av fysiske barrierar. For veljarar med funksjonshemming er det ei ordning med assistanse eller følgje inn i vallokalet. Denne ordninga skal òg gjelde for kyrkjevalet (jf. Regler for valg av menighetsråd § 9-11).

Det er utarbeidd valinformasjon for blinde og svaksynte. Meir om dette finst på www.kabb.no. I alle norske kyrkjelydar bur det døve eller høyrselshemma. Mange av desse har dobbelt medlemskap ved at dei i tillegg til å vere medlem i eit geografisk sokn, òg er medlem i ein døvekyrkjelyd. Dette vil seie at dei òg kan røyste ved valet i sin døvekyrkjelyd. Valdagar for døvekyrkjelydane er søndag 13. september eller måndag 14. september.

Rapportering og kunngjering ved forholdstalsval, prøveordning og samanslåing av sokn
Sokneråd som har forholdstalsval (fleire lister), sokneråd som deltek i prøveordning med felles sokneråd samt sokneråd der det blir samanslåing av sokn frå nyåret, vil få tilsendt eigen informasjon om nokre særlege rutinar for registrering og rapportering i valmodulen m.m.

Beredskap i Kyrkjerådet og i bispedøma i samband med valet
Brukarstøttekontoret for medlemsregisteret (Kyrkjerådet) er ope kvardagar kl. 09.00-15.00. Telefon til brukarstøtte er 23 08 12 34. Dei elleve valansvarlege i bispedøma vil vere tilgjengelege på telefon både søndag 13. og måndag 14. september. Sjå nettsidene til bispedøma for kontaktinformasjon. Valsekretariatet i Kyrkjerådet vil vere på plass søndag 13. september kl. 13.00-20.00 og måndag 14. september kl. 09.00-23.00, og kan svare på eventuelle spørsmål som ikkje bispedøma kan hjelpe med.

www.kirkevalget.no / www.kyrkjevalet.no
Til slutt minner vi om valportalen på nett. Her ligg det diverse hjelpemateriell og malar under lenka «For medarbeidere». Her finst også plakatar med rettleiingar til veljar (bør vere godt tilgjengeleg i vallokalet), rettleiing og oppteljingsskjema til sjølve oppteljinga, rapportar for røystestyre etc.

Alt godt for gjennomføringa av Kyrkjevalet 2015!

Oslo, 2. september 2015

Jens-Petter Johnsen            
direktør

Anders Backer-Grøndahl Eide
seniorrådgjevar (prosjektleiar Kyrkjevalet 2015)

 

  • Rundskriv nr. 3-2015 fra Kirkerådet - Fastsetting av tilskudd, valgmodul/kandidat-presentasjon/stemmesedler samt valg for personer med ”selvvalgt sokn”
    >>  Bokmål  >>  Nynorsk

 

 

 

Kontaktinformasjon for Kirkerådet

Postboks 799 Sentrum, 0106 Oslo
Tlf.: 23 08 12 00
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Web: kirkevalget.no

Kontakt seniorrådgiver Anders Backer-Grøndahl Eide
E-post: ae346@kirken.no
Tlf 23 08 12 57 / 40 40 44 28

Kontakt rådgiver kirkevalg
Margit Aas Onstein
E-post: mo244@kirken.no
Tlf 23 08 12 63