Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Rundskriv fra Kirkerådet om Kirkevalget 2019

Valhandbok, viktige datoar, rekruttering, hemmeleg val, økonomiske rammer, valreglar og valmodul.

Rundskriv nr 4-2018 frå Kyrkjerådet (14. desember 2018)
Viktig informasjon om gjennomføringa av Kyrkjevalet 2019
>> Last ned rundskrivet som pdf (nynorsk)

Til sokneråd, kyrkjelege fellesråd, prostar, bispedømeråd

Kyrkjeval 2019.
Valhandbok, viktige datoar, rekruttering, hemmeleg val, økonomiske rammer, valreglar og valmodul. 

Innhald

1. Valhandbok

2. Viktige datoar

3. Rekruttere til å sitte i sokneråd

4. Hemmeleg val – planlegging av vallokale

5. Økonomiske rammer

6. Kirkevalgreglene – nytt ved Kyrkjevalet 2019

7. Valmodulen – fristar, innføring i manntall, elektronisk rapportering

8. Forsøk med felles sokneråd for fleire sokn

1. Valhandbok

Valhandboka inneheld rettleiingar for valstyre og valråd, for nominasjonskomitear og valfunksjonærar. Handboka inneheld også valreglane, og sjekklister med oversikt over ansvarsfordeling og fristar. Handboka har informasjon om val til sokneråd og val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

Du finn valhandboka her: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/for-medarbeidere/valghandbok/

Etter kvart vil det kome rettleiingar og skjema for ulike målgrupper, til dømes stemmemottakarar og valstyre, under menypunktet «For medarbeidere» på www.kirkevalget.no / www.kyrkjevalet.no.

2. Viktige datoar

1. mars:

Frist for oppnemning av nominasjonskomité

30. april kl. 12:00:

Frist for innlevering av alle listeforslag

 

5. juni:

Frist for å fremje kandidatar gjennom eventuell supplerande nominasjon (både soknerådsval og bispedømerådsval)

30. juni:

Skjeringsdato for manntalet

10. aug.:

Frist for å kunngjere valet (tid og stad m.m.)

10. aug.–6. sept.:

Førehandsstemming (førehandsstemming i anna sokn innan 2. september)

(8.)–9. sept.:

Valdagar

11. sept.:

Soknerådsvalet skal vere ferdig talt. Frist for registrering i valmodulen av oppslutning ved valet, valresultat, foreløpig teljing av bispedømerådsvalet m.m.

19. sept.:

Bispedømerådsvalet skal vere ferdig talt

 

3. Rekruttere til å sitte i sokneråd

Det å skaffe folk til å sitte i soknerådet i den neste perioden er eit viktig arbeid som bør ta til alt nå. Valstyret (soknerådet) skal peike ut ein nominasjonskomité på minimum 3 medlemmer som står for arbeidet med å skaffe kandidatar til soknerådet. Nominasjonskomiteen si oppgåve er å finne fram til interesserte personar som er villige til å gjere ein innsats. I dette arbeidet bør komiteen gå ut for å få innspel frå ulike hald om aktuelle personar som kan spørjast. Nominasjonskomiteen bør ikkje berre spørje dei aktive i kyrkjelyden, men forsøke å finne fram til nye personar. Kyrkjerådet har laga nokre brosjyrar som kan vere til hjelp i dette arbeidet. Dei er lagt ut her: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/for-medarbeidere/Verve-og-presentere-kandidater/

Les også meir om nominasjonskomiteen sitt arbeid i valhandboka punkt 4.2.

4. Hemmeleg val – planlegging av vallokale

Eit grunnleggande prinsipp i arbeidet med kyrkjevalet er at det skal vere hemmeleg val (kirkevalgreglene § 1-1). Veljaren skal  kunne være sikker på at det ikkje blir offentliggjort eller på annan måte avslørt, kva veljaren har stemt. Prinsippet om hemmelig val gjeld for alle deler av valet – og spesielt ved stemmegiving og oppteljing.

Valstyret eller fellesrådet bør alt no ta kontakt med kommunen for å avklare kva vallokale som kan brukast til kyrkjevalet. Ut frå det kan valstyret planlegge valavlukke og anna som trengs for å sikre at vejlaren i «i einerom og usett [kan] brette saman stemmesetelen slik at det ikkje er synleg kva valliste veljaren stemmer på» (kirkevalgreglene § 9–4). Veljaren skal altså kunne velje stemmesetel, gjere eventuelle endringar og brette saman setelen på ein stad der ingen andre kan sjå kva han eller ho gjer. Dette kan for eksempel vere eit valavlukke eller eit eige rom. Her må ein finne gode løysingar lokalt.

Les meir om utforming av vallokale og valmateriell i valhandboka punkt 6.2.

5. Økonomiske rammer

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019 blei offentleggjort 8. oktober. Departementet legg i statsbudsjettet (stortingsproposisjon 1 S) til grunn dei same økonomiske rammene for Kyrkjevalet 2019 som dei tidlegare kyrkjevala. Samla løyving for Kyrkjevalet 2019 er 89 mill. kroner. Det er ikkje gjort endringar med tanke på kva formål løyvinga skal brukast til.

Kyrkjerådet vedtok i sitt desembermøte eit budsjett med eit tilskot til valarbeid lokalt på 32 mill. kroner. Tilskotet vil bli berekna ut frå dei følgande kriteria: 

  • Grunntilskot per sokn
  • Tal på stemmestader meir enn eitt i soknet (knytt til tal på stemmekretsar i kommunen)
  • Om valet går over ein eller to dagar (avhengig av om kommunen har bestemt ein eller to dagars val ved kommune- og fylkestingsvalet)
  • Tal på medlemmer med stemmerett i soknet

Desse opplysningane skal leggast inn i valmodulen så tidleg som mogleg, og seinast innan 1. juni 2019. Tilskotsbrev vil gå ut i slutten av juni 2019.

Les meir om lokalt tilskot i valhandboka punkt 12.3.

6. Kirkevalgreglene – nytt ved Kyrkevalet 2019

Kirkevalgreglene finn du i valhandboka (både på bokmål og omsett til nynorsk) og på Lovdata: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-04-16-584

Nokre viktige endringar frå sist kyrkjeval:

  • Det er krav i reglane at det alltid skal vere to stemmemottakarar, også ved førehandsstemminga (kirkevalgreglene § 9-1 (7)).
  • Det er nokre nye reglar for personval. Det er mogleg for nomineringsgrupper å gi stemmetillegg og for Nominasjonskomiteens liste er det innført ei sperregrense på fem prosent av personleg stemmetal. Les om stemmetillegg i valhandboka i punkt 4.6.5.2 og sperregrense av personleg stemmetal i punkt 10.9.1.2.
  • Det skal gjerast foreløpig og endeleg oppteljing og begge oppteljingane skal førast i protokollen. Ved foreløpig oppteljing av stemmesetlar til val av bispedømeråd og Kyrkjemøtet skal det sorterast på lister og retta og uretta stemmesetlar.

7. Valmodulen – fristar, innføring i manntall, elektronisk rapportering

Valmodulen i medlemsregisteret vil bli tilgjengeleg for å legge inn informasjon om kyrkjevalet i 2019 i april.

Arbeidet med utsending av valkort til alle med stemmerett, utarbeiding av manntal, stemmesetlar, registrering av valdeltaking og valresultat er avhengig av at det blir gitt nødvendige opplysningar i valmodulen innan fristane.

Kyrkjerådet har difor fastsett følgande fristar for tilrettelegginga av valet:

1. jun. 2019:

Siste frist for registrering i valmodulen av lokale opplysningar om tid og stad for førehandsstemming og valting. Ansvarleg: Valstyret (soknerådet)/registeransvarleg.

Så fort som mogleg etter godkjenning og seinast 1. juni:

Frist for å legge kandidatlista(listene) inn i valmodulen i dei sokn der det ikkje er supplerande nominasjon. Ansvarleg: Valstyret/registeransvarleg.

 

10. jun. 2019:

Frist for å legge kandidatlista inn i valmodulen i dei sokn det er supplerande nominasjon. Ansvarleg: Valstyret/registeransvarlig.

11. sept. 2019:

Frist for registrering i valmodulen av foreløpig oppteljing BDR og KM (leke medlemmer). Dette skal skje omgåande etter valdagen, og seinast 11. september 2019. Ansvarlig: Valstyret/registeransvarlig.

11. sept. 2019:

Frist for å legge valresultatet inn i valmodulen. Ansvarleg: Valstyret /registeransvarleg.

1. okt. 2019:

Frist for rapportering av utfyllande data i valmodulen. Ansvarlig: Valstyret/registeransvarleg.

8. Forsøk med felles sokneråd for fleire sokn

Det er mogleg å søke om forsøk med felles sokneråd for fleire sokn. Søknad bør sendast så snart som mogleg, og seinast innan 1. mars 2019.

Les om dette i Rundskriv nr. 1 - 2015: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/for-medarbeidere/rundskriv-fra-kirkeradet/.

 

Med ønske om ei god adventstid!

 

Oslo, 14. desember 2018

 

Med venleg helsing


Ingrid Vad Nilsen
Direktør
    

Ole Inge Bekkelund
Avdelingsdirektør, avdeling for kyrkjeordning

 


 

 

Kontaktinformasjon for Kirkerådet

Postboks 799 Sentrum, 0106 Oslo
Tlf.: 23 08 12 00
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Web: kirkevalget.no

Kontakt seniorrådgiver Anders Backer-Grøndahl Eide
E-post: ae346@kirken.no
Tlf 23 08 12 57 / 40 40 44 28

Kontakt rådgiver kirkevalg
Margit Aas Onstein
E-post: mo244@kirken.no
Tlf 23 08 12 63