2

NORA SÆTRE BAARTVEDT

Stilling: Student Alder: 21 5709 VOSS Kandidat ved Bispedømerådsvalet i BJØRGVIN BISPEDØME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Betra tebod i kyrkja og kyrkjelydane for ungdom etter konf.
  • Fleire unge involvert og engasjert i kyrkja og gudst.livet
  • Betre rekrutering til kyrkjeleg utdanning
  • Gjera kyrkja meir aktuell og interessant for ungdom

Spørsmål og svar

1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi:
Det er mykje som skjer i kyrkja vår, me er i stadig endring. Eg har lyst til å være med i bispedømerådet fordi det er viktig for meg at i ei tid med så mykje endring, at kyrkja er til stades i samfunnet og bidreg med positive verdiar. Samstundes er det viktig at me fortfarande opprettheld dei tradisjonar og retningslinjer som me sjølve kjenner oss att i. Og eg vil gjerne være med å debattere og diskutera desse mange spørsmåla om endring, slik at me kan koma fram til noko som sikrar ei god framtid for kyrkja vår.

2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som
• Vedkjennande
• Open
• Tenande
• Misjonerande
Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette?
Det er viktig at kyrkja legg til rette for at ungdommar kan vera med i kyrkja, slik at dei held fast på trua si gjennom ungdomsåra. Vi treng gode tilbod i kyrkjelydane der ungdommar kan vera med og bidra slik at trua kan få eit ungt uttrykk. Det er viktig at kyrkja er open for alle og ikkje ekskluderer ungdom fordi dei ikkje kjenner seg heime.
Vi treng at kyrkja misjonerer for ungdom, slik at kyrkja framleis kan vera viktig i landet vårt.

3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja?
Eg er for at likekjønna par skal få gifte seg i kyrkja. Eg klarar ikkje finne eit sterkt nok grunnlag for å sei nei.

4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter ser du for rekruttering , organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja?
Eg meiner at arbeidsgjevaransvaret bør liggja hjå bispedømmeråda. Biskopane skal også i framtida ha ein tydeleg rolle i Den norske kyrkja. Forholdet mellom rådsstrukturen og biskopane må difor også i framtida utfylle kvarandre. Den norske kyrkja skal vera ein god og attraktiv stad å vera arbeidstakar. Det betyr at kyrkja bør ha dette som eit viktig fokusområde, og verta ein god og stabil arbeidsgjevar. Det bør og bli meir fokus på rekruttering til kyrkjeleg utdanning.

5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje?
Det er nokre sakar i Den Norske Kyrkja i dag som skapar stor usemje. Eg tenkjer at det i desse sakane, og desse tidene er enno viktigare at me står saman sjølv om me er ueinige, at me gjennom ein respektfull og god dialog kan koma fram til noko me kan leva med. For sjølv om me meiner forskjellige ting, så er me alle saman sysken i trua, og difor er det så viktig at me tek vare på kvarandre.

Arbeidserfaring / utdanning

2011 - 2012
Trondarnes Folkehøyskole

2013 - 2016
Fyllingsdalen Vidaregåande skule

Kyrkjelege verv

2013 -
Delegat Ungdomens kyrkjemøte

2013 -
Friviljug i klokkarlaget i Voss

2013 - 2015
Leiar i Ungdomsrådet i Bjørgvin

2014 -
UKM delegat til Kyrkjemøte

Offentlege og andre verv

2013 - 2015
Elevrådsrepresentant


Andre kandidatar på same liste

1
INGER HELENE THINGVOLD NORDEIDE Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 54 6810 FØRDE
3
KARL JOHAN KIRKEBØ Stilling: Marknadsdirektør Alder: 65 5151 STRAUMSGREND
4
ANDREAS SKEIDSVOLL Stilling: Student Alder: 23 5282 LONEVÅG
5
BERIT NØST DALE Stilling: Høgskolelektor Alder: 63 5918 FREKHAUG
6
MARIUS ØKLAND Stilling: Adm. leiar Alder: 29 5420 RUBBESTADNESET
7
LIV RØNNINGEN ÅGOTNES Stilling: TSP Group Manager Alder: 48 5363 ÅGOTNES
8
IDA LINDØE Stilling: Lektor ungdomsskule Alder: 48 5614 ÅLVIK
9
VEMUND ATLE ØIESTAD Stilling: Tannlege Alder: 67 6795 BLAKSÆTER
10
PER HILLEREN Stilling: Bonde Alder: 56 6856 SOGNDAL
11
INGE WILHELM ØKLAND Stilling: Barne- og ungd.arb. Alder: 27 5035 BERGEN
12
HILDEGUNN KALVENES Stilling: Pensj. helsesøster Alder: 68 5392 STOREBØ
13
BJØRN SANDVIK SØLSNÆS Stilling: Student Alder: 20 6863 LEIKANGER
14
KJELLFRID TORUNN MÆLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 64 5414 STORD
15
GUNN RAGNHILD VÅRDAL HELGESEN Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 59 6740 SELJE
16
KJELL JARLE AADLAND Stilling: Rådgjevar Alder: 66 5209 OS
17
JOSTEIN BILDØY Stilling: Dagleg leiar Alder: 49 6810 FØRDE
EGIL MORLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 65 5360 KOLLTVEIT
MARTE MALTERUD SEIP Stilling: Pensjonert lege Alder: 69 5783 EIDFJORD