6

MARIUS ØKLAND

Stilling: Adm. leiar Alder: 29 5420 RUBBESTADNESET Kandidat ved Bispedømerådsvalet i BJØRGVIN BISPEDØME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Kristent barne- og ungdomsarbeid
  • Evangelisering og diakoni i andre land
  • Samarbeid med dei frivillige organisasjonane
  • Satsing på unge vaksne og familiar
  • Diakonalt arbeid

Spørsmål og svar

1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi:
Eg er motivert til å jobbe for at kyrkja skal vere relevant i barn og unge sitt liv. Dette må vi halde varmt på alle nivå i kyrkja. I trua på Jesus er vi kalla til eit livslangt disippelskap – og kyrkja må møte barnefamiliane, ungdommane og dei unge vaksne sine behov for kristent fellesskap på ein måte som er relevant for dei.
Evangeliet har ikkje gått ut på dato, men samværsformer kan endre seg. Eg trur vi må tenkje mindre formalia og meir relasjon. Vi skal ikkje først og fremst skal halde ved like kyrkja som organisasjon, men byggje levande fellesskap som saman ærar den treeinige Gud.

2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som
• Vedkjennande • Open • Tenande • Misjonerande - Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette?

Fellesskap er relasjonar og det må vi jobbe meir med. Eit vedkjennande fellesskap er eit fellesskap som veit kven det er. Vi må altså bygge både relasjonar og kunnskap om kva ein vedkjenner. Vi må byggje stoltheit over kva ein tilhøyrer!

Ei opa kyrkje er ei kyrkje der vi snakkar sant om livet. Der vi er opne om at livet er sårbart og viktig å ta vare på. Vi er alle skapt av Gud og uendeleg verdifulle for han, og det må få konsekvensar for korleis vi inkluderer kvarandre i fellesskapet. Vi har vår verdi knytt til kven vi er, Guds barn, og ikkje på grunn av kva vi kan.Det er i relasjonar ein tener. Det er i relasjonar ein kan vere misjonerande. Å invitere nokon med på gudsteneste, hjelpe den unge mora som er blitt gravid, eller be innvandraren fram til nattverd kan vere livsforvandlande.

3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja?
Eg har ein tradisjonell luthersk forståing av ekteskapet som ei livslang pakt mellom mann og kvinne. Eg forstår Bibelen si tale på dette området som klar og at dette også gjeld som rettleiing for oss i dag. Eg meiner at kyrkja ikkje kan eller skal vigsle likekjønna par. Vi skal samtidig jobbe aktivt for å unngå diskriminering av homofile. Homofile som ønskjer å følgje bibelen si samlivsetiske rettleiing må støttast i det.

4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter ser du for rekruttering , organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja?
Dagens organisering i to arbeidsgjevarlinjer er uaktuell som modell for framtida. Korleis ein skal ha strukturane er for tidleg å konkludere på i dag. Eg er ikkje framand for lokal tilpassing; nokre plassar vil det vere mest tenleg med ein prest som leiar av staben, andre stader kan det vere ein lekmann som bør ha den posisjonen.
For å sikre rekruttering må ein i første rekke sørge for gode personaltilhøve for dei som er tilsette. Det må vere godt å jobbe i kyrkja, og vi må kunne snakke godt om arbeidsplassen. Mange gjer ein svær stor innsats langt ut over det ein kan forvente, og vi må spørje oss om det skapar forventingar og press på dei som kanskje kan tenkje seg ein jobb i kyrkja?
Vi må i større grad gjere oss nytte av frivillige også på område som vanlegvis har vore lønna tenester. Både gudstenester og forkynning kan gjerast av frivillige. Eit stikkord er samarbeid med dei kristne frivillige organisasjonane.

5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje?
I eit av vedkjenningsskriftene våre står det at til sann einheit i kyrkja skal evangeliet bli lært reint og sakramenta forvalta rett. Menneskelege overleveringar, skikkar, seremoniar og organiseringsform kan, skal og bør variere, både i tid og på ulike stader. Vi må jobbe for høg takhøgd for det perifere og semje om det sentrale.
For at evangeliet skal bli lært reint må ei kvar kyrkje til ei kvar tid jobbe med å lese Bibelen og sjå kva Gud seier til oss i dag. Eg ønskjer at vi set fokus i det kristne fellesskapet på viktigheita av å lese Bibelen og snakke saman om det vi har lest, sett og høyrt.

Arbeidserfaring / utdanning

2002 - 2006
Allmenne, administrative og økonomiske fag, Bømlo vgs.

2005 - 2006
Førstegangstjeneste i Forsvaret: Personellassistent

2006 - 2009
Bachelorgrad i teologi og leiing, NLA Høgskolen Staffeldtsgt

2009 - 2012
Konfirmantlærar, kyrkjelydane i Eid

2009 - 2015
Regional leiar for Acta (barn og unge i Normisjon)

Kyrkjelege verv

2001 - 2005
Søndagsskulelærar, Meling søndagsskule

2004 - 2015
Div. styre- og leiarverv lokalt i Indremisjonssamskipnaden

Offentlege og andre verv

2008 - 2009
Studentrepresentant i styret for NLA Høgskolen Staffeldtsgt.

2013 - 2015
Styreleiar, Austrheim barnehage


Andre kandidatar på same liste

1
INGER HELENE THINGVOLD NORDEIDE Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 54 6810 FØRDE
2
NORA SÆTRE BAARTVEDT Stilling: Student Alder: 21 5709 VOSS
3
KARL JOHAN KIRKEBØ Stilling: Marknadsdirektør Alder: 65 5151 STRAUMSGREND
4
ANDREAS SKEIDSVOLL Stilling: Student Alder: 23 5282 LONEVÅG
5
BERIT NØST DALE Stilling: Høgskolelektor Alder: 63 5918 FREKHAUG
7
LIV RØNNINGEN ÅGOTNES Stilling: TSP Group Manager Alder: 48 5363 ÅGOTNES
8
IDA LINDØE Stilling: Lektor ungdomsskule Alder: 48 5614 ÅLVIK
9
VEMUND ATLE ØIESTAD Stilling: Tannlege Alder: 67 6795 BLAKSÆTER
10
PER HILLEREN Stilling: Bonde Alder: 56 6856 SOGNDAL
11
INGE WILHELM ØKLAND Stilling: Barne- og ungd.arb. Alder: 27 5035 BERGEN
12
HILDEGUNN KALVENES Stilling: Pensj. helsesøster Alder: 68 5392 STOREBØ
13
BJØRN SANDVIK SØLSNÆS Stilling: Student Alder: 20 6863 LEIKANGER
14
KJELLFRID TORUNN MÆLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 64 5414 STORD
15
GUNN RAGNHILD VÅRDAL HELGESEN Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 59 6740 SELJE
16
KJELL JARLE AADLAND Stilling: Rådgjevar Alder: 66 5209 OS
17
JOSTEIN BILDØY Stilling: Dagleg leiar Alder: 49 6810 FØRDE
EGIL MORLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 65 5360 KOLLTVEIT
MARTE MALTERUD SEIP Stilling: Pensjonert lege Alder: 69 5783 EIDFJORD