17

JOSTEIN BILDØY

Stilling: Dagleg leiar Alder: 49 6810 FØRDE Kandidat ved Bispedømerådsvalet i BJØRGVIN BISPEDØME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Universelt utforma fellesskap
  • Samspel organisasjon og breiddetiltak
  • «Helse på ein ukjent ven»
  • Sansebasert formidling
  • Stolt eigarskap!

Spørsmål og svar

1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi:
Eg vil vere ein medspelar i arbeidet med å styrke og vidareutvikle trusopplæring for barn, familie og kyrkjelyd. Eg vil arbeide for Den norske kyrkja som ein proaktiv og dynamisk kyrkjeleg organisasjon som lokalt og nasjonalt motiverer som konkret trussamfunn og folkekyrkje.
Eg vil vere ein medspelar i arbeidet med dialog mellom trus- og livssynsamfunn for kjennskap, tryggleik og respekt.

2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som
• Vedkjennande
• Open
• Tenande
• Misjonerande
Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette?
Eg vil arbeide for å vidareutvikle samspelet trusopplæring, diakoni, gudstenesteliv og organisasjonsarbeid.
Eg vil arbeide for at vi kan seie høgt at vi er stolt av å høyre til den kristne tru og å vere medlem i folkekyrkja.
Eg vil arbeide for at at det blir oppretta faste møtepunkt med løna og frivillige saman, der ein utvikler felles eigarskap og merkevarebygging for kyrkja sitt arbeid lokalt. Slik kvalitetssikrer vi folkekyrkja sitt arbeid og gjer dei ulike sidene meir interessant å delta i.

3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja?
Eg støtter Kyrkjemøtet sitt vedtak om at ekteskapet er mellom mann og kvinne. Dette er eit teologisk dilemma, men er også i samsvar med det almenne syn dei lutherske kyrkjer eg har kontakt med i Europa innehar. Det skaper sår når nokon ikkje kjenner seg fullverdig inkludert, og det teologiske dilemma tar ikkje vekk fokuset på at det er viktig å arbeide for involvering og inkludering av enkeltmennesket uavhengig av legning.

4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter ser du for rekruttering , organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja?
Den norske kyrkja er utfordra på å sjå den enkelte tilsette i ei tid då arbeidsområder er i endring,
I utgangspunktet syns eg organisering på sokn, prosti, bispedøme og nasjonalt kyrkjenivå er tenlege. Men infrastruktur, høvet til å arbeide saman med kolleger og lokalt eigarskap til kyrkjelydsfellesskapet er viktige kriterier eg vurderer tenlege arbeidsområder etter.
Ein felles arbeidsgjevar for alle stillingstypar blir viktig for eit motiverande og samstemt teamarbeid i kyrkja. Klare roller for dei ulike stillingstypar og høvet til arbeidsfellesskap er viktig for framtidig rekruttering til stillingar i kyrkja. Dette arbeidet må halde fram.

5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje?
Eg vil arbeide for å synleggjere samtalen som verktøy. Samtalen som verktøy handlar om å kunne prate og å bli kjent med andre sine synspunkt, samtidig som ein tar vare på respekten for kvarandre sin ståstad. Samtalen tilfører kunnskap og refleksjon om eigne og andre sine synspunkt. Samtalen blir slik eit middel, men ikkje det einaste, så vi kan vere trygg på kvarandre i det folkekyrkjelege fellesskap og i organisasjonslandskapet.

Arbeidserfaring / utdanning

1991 - 1994
Kristendom mellomfag m/evangelistutdanning

1994 - 2012
Søndagsskulekonsulent Søndagsskolen Norge (Sogn og Fjordane)

2007 -
Dagleg leiar JOVISJON - mentor/teneste i trusopplæring

2008 - 2011
Internasjonal konsulent i prosjekt Søndagsskulen Norge

2012 - 2014
Fylkessekretær KrF 60% (Sogn og Fjordane fylke)

Kyrkjelege verv

2012 -
Økonomiutval Førde sokneråd

2014 -
Leiar komité Ung natt 15-18, Sunnfjord prosti trusopplærings

Offentlege og andre verv

2002 - 2005
Styreleiar Norsk Kristeleg Studieråd Sogn og Fjordane

2004 - 2006
Tilsettes representant Landsstyret Søndagsskolen Norge

2007 - 2011
Varamedlem Gjensidige eigarutval Sogn og Fjordane

2009 - 2011
Styremedlem European Lutheran Sundayschool Association

2010 - 2012
Medlem Plankomite Søndagsskolen Norge


Andre kandidatar på same liste

1
INGER HELENE THINGVOLD NORDEIDE Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 54 6810 FØRDE
2
NORA SÆTRE BAARTVEDT Stilling: Student Alder: 21 5709 VOSS
3
KARL JOHAN KIRKEBØ Stilling: Marknadsdirektør Alder: 65 5151 STRAUMSGREND
4
ANDREAS SKEIDSVOLL Stilling: Student Alder: 23 5282 LONEVÅG
5
BERIT NØST DALE Stilling: Høgskolelektor Alder: 63 5918 FREKHAUG
6
MARIUS ØKLAND Stilling: Adm. leiar Alder: 29 5420 RUBBESTADNESET
7
LIV RØNNINGEN ÅGOTNES Stilling: TSP Group Manager Alder: 48 5363 ÅGOTNES
8
IDA LINDØE Stilling: Lektor ungdomsskule Alder: 48 5614 ÅLVIK
9
VEMUND ATLE ØIESTAD Stilling: Tannlege Alder: 67 6795 BLAKSÆTER
10
PER HILLEREN Stilling: Bonde Alder: 56 6856 SOGNDAL
11
INGE WILHELM ØKLAND Stilling: Barne- og ungd.arb. Alder: 27 5035 BERGEN
12
HILDEGUNN KALVENES Stilling: Pensj. helsesøster Alder: 68 5392 STOREBØ
13
BJØRN SANDVIK SØLSNÆS Stilling: Student Alder: 20 6863 LEIKANGER
14
KJELLFRID TORUNN MÆLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 64 5414 STORD
15
GUNN RAGNHILD VÅRDAL HELGESEN Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 59 6740 SELJE
16
KJELL JARLE AADLAND Stilling: Rådgjevar Alder: 66 5209 OS
EGIL MORLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 65 5360 KOLLTVEIT
MARTE MALTERUD SEIP Stilling: Pensjonert lege Alder: 69 5783 EIDFJORD