5

SOFIE BRAUT

Stilling: Kulturformidlar Alder: 38 4346 BRYNE Kandidat ved Bispedømerådsvalet i STAVANGER BISPEDØMME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Engasjerande Bibelformidling
  • Utrustning og indre vekst
  • Livsnær forkynning

Spørsmål og svar

1.	Kvifor vil du vera med i bispedømmerådet og Kyrkjemøtet, og kva er dine hjartesaker?
Eg ønskjer å vera med fordi eg har blitt beden av to sokn om å stilla som kandidat. Eg er engasjert av det som rører seg i tida og oppteken av det å forstå meir av kva det vil seia å vera kristen i vår tid. Hjartesaker er rom for fordjuping i ei hektisk tid, kristendom forstått meir som relasjon enn som religion, det å bygga ein kristen identitet.

2.	Kva er det spesielt viktig for kyrkja å formidla til menneske i dag?
Menneske i vår kultur treng konstante påminningar om at me er meir enn forbrukarar, livet er meir enn det materielle. Det kan høyrast sjølvsagt ut, men logikken i forbruks- og effektivitetssamfunnet er nokså nådelaus. Her kan det kristne livssynet vera eit korrektiv. Det usynlege kan verka så uproduktivt, men me treng å komma tilbake til verdien me har som menneske; livet i Kristus er ikkje prestasjonsbasert men ein djup identitet. 


3.	Korleis stiller du deg til kyrkjeleg vigsel eller forbøn for par av same kjønn?
Eg representerer klassisk kristendomsforståing på dette området. I følgje dette synet er ekteskapet uttrykk for eit forbund mellom ein mann og ei kvinne. 

4.	Forholdet mellom staten og kyrkja blir endra. Kva moglegheiter og utfordringar ser du som følgje av dette? 
Ei kyrkje som står meir på eigne bein kan bidra til meir ansvarleggjering, slik at medlemmene i større grad vert mobiliserte og ser at deira bidrag er fellesskapet. Kyrkja kan få ei friare rolle til å vera eit korrektiv der det trengst. Kyrkja som institusjon er ein kulturberar i samfunnet vårt. Denne rolla kan verta mindre tydeleg framover. Og det er heilt klart ei utfordring. 

5.	Kva samfunnsspørsmål bør kyrkja engasjera seg i?
Kyrkja bør engasjera seg for menneskeverdet- nasjonalt og globalt! Ein bør arbeida for hjelpa forfølgde. I tillegg er det fint om kyrkja stadig leitar etter måtar å vera eit korrektiv til forbrukarmentalitet og gjera det lettare for rastlause og motlause menneske å finna meining, samanheng og tru.

Arbeidserfaring / utdanning

Lektor/Pedagog

1998 - 2003
Cand. philol. engelsk hovudfag (Universitetet i Bergen)

2004 - 2014
Arbeidd som lektor i vgs.

2007 - 2008
Pedagogikk (Universitetet i Stavanger)

Kyrkjelege verv

Engasjert i lokalt barnearbeid

2009 -
Klokkar i Time kyrkje


Andre kandidatar på same liste

1
GYRID ESPELAND Stilling: Seksjonssjef Alder: 62 4374 EGERSUND
2
LEIF CHRISTIAN ANDERSEN Stilling: Sjukepleiar Alder: 30 4020 STAVANGER
3
MARIE KLAKEGG GRASTVEIT Stilling: Reknesk.medarbeidar Alder: 30 4355 KVERNALAND
4
SVEIN HELGESEN Stilling: Pensjonist/konsulent Alder: 67 4158 BRU
6
ARNE JON MYSKJA Stilling: IT-rådgjevar Alder: 63 5560 NEDSTRAND
7
SARA LOUISE IGELKJØN EMMERHOFF Stilling: Student Alder: 20 5515 HAUGESUND
8
TORHILD NØDLAND Stilling: Sosiallærar Alder: 53 4325 SANDNES
9
ASLAUG LOUISE KONGSHAVN Stilling: Lektor Alder: 28 4250 KOPERVIK
10
LAILA MARIE STEINSVIK Stilling: Helsesøster Alder: 64 4100 JØRPELAND
11
EIVIND SANDVOLD PETTERSEN Stilling: Økonom Alder: 32 4027 STAVANGER
12
HJALMAR JORALF ARNØ Stilling: Seniorrådgjevar Alder: 50 4311 HOMMERSÅK
13
JOSTEIN ÅDNA Stilling: Professor Alder: 60 4023 STAVANGER
14
KJETIL ESPELAND Stilling: Student Alder: 22 4365 NÆRBØ
15
ASTRID VAN ZIJP Stilling: Pensjonist Alder: 65 4230 SAND
16
ROLF MAGNE HAUKALID Stilling: Bonde/veterinær Alder: 36 4110 FORSAND
17
SVEIN MAGNUS MUNKEJORD Stilling: Seniorrådgjevar Alder: 67 4250 KOPERVIK
18
RUBEN FRIESTAD BERGSETH Stilling: Distriktsmedarbeidar Alder: 21 4353 KLEPP STASJON