EGIL MORLAND

Stilling: Førsteamanuensis Alder: 65 5360 KOLLTVEIT Supplerande kandidat ved Bispedømerådsvalet i BJØRGVIN BISPEDØME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Eit reelt skilje mellom kyrkje og stat
  • Heimen som trusformidlar
  • Meir forkynning i kyrkja
  • Involvera folk flest i kyrkja sitt liv

Spørsmål og svar

1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: 
Dei siste åra og dei komande er svært viktige for kyrkja si framtid, både når det gjeld ordningar og profil. Det vil ikkje vera rett å «hoppa av» no, med den erfaringa eg har frå desse prosessane. Eg har no hatt 1 ½ periode i Bispedømerådet, og er for tida også vald medlem av Kyrkjerådet.


2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som 
• Vedkjennande
• Open
• Tenande
• Misjonerande
Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette?
Det er berre når alle desse vakre orda spelar saman, at vi kan realisera dei. Eg opplever t.d. at misjonstanken er under press i dag. Det er mi overtyding at det først er når kyrkja står tydeleg fram (vedkjennande), at ho best kan opne seg mot alle i eit tenande fellesskap.
Eg vil arbeida for å verkeleggjera dette ved å synleggjera og gje frimot til dei mange tusen frivillige sin innsats i kyrkja.


3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja?  
Eg er overtydd om at ekteskapet er for éin mann og éi kvinne, noko liturgien for vigsel tydeleg viser. Spørsmålet er ikkje om kyrkja kan utvida denne ordninga til også å gjelda likekjønna, men om ho har mandat til å endra heile si ekteskapsforståing. Det har ho etter mitt syn ikkje. Her viser eg til svaret på spørsmål 5.


4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter  ser du for rekruttering , organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja?
Det må bli eit reelt skilje mellom kyrkje og stat. Eg er oppteken av at Stortinget skal bestemma så lite som råd er når det vert laga ein lov for kyrkja, og at kyrkja sine eigne organ får utforma vegen vidare. Framtidsutsiktene for rekruttering, organisering og arbeidsgjevaransvar vert ikkje vesentleg påverka av skiljet frå staten. Vi må arbeida hardt for å formidla at det både er meiningsfullt og attraktivt å arbeida i kyrkja, men også tala sant om at det er utfordrande. Eg er blitt meir og meir oppteken av at soknet er grunneininga i kyrkja, og at så mykje ansvar som råd er må leggjast nær den lokale forsamlinga. 

5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje?
Det kan berre skje ved at vi saman tek innover oss at det er Guds ord som set grenser for kva usemje som kan tolast. Eg har i mange ulike roller arbeidd for samhald og einskap. Men kyrkja kan ikkje hindra at mange vert passive eller melder seg ut, dersom vi gjer feile val. Vi kan leva med stor usemje, men ikkje med ordningar som motseier kvarandre og skaper forvirring om kva kyrkja lærer. Difor er dette valet så viktig.

Arbeidserfaring / utdanning

1978 - 1989
Kallskapellan Voss og sokneprest i Sund

1989 - 2001
Stiftskap. Bjørgvin

2002 - 2009
Studiesjef og rektor ved NLA Høgskolen

2010 -
Lærar i praktisk teologi og i leiing i kyrkja

Kyrkjelege verv

2000 -
Leiar for Morland og Morlandstø bedehus

2009 -
Bjørgvin bispedømeråd

2012 -
Kyrkjerådet og AU for Kyrkjerådet

2014 -
Fagleg-etisk utval i Menneskeverd

Offentlege og andre verv

1991 - 2003
Fjell kommunestyre

1999 - 2003
Varaordførar Fjell kommune


Andre kandidatar på same liste

MARTE MALTERUD SEIP Stilling: Pensjonert lege Alder: 69 5783 EIDFJORD
1
INGER HELENE THINGVOLD NORDEIDE Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 54 6810 FØRDE
2
NORA SÆTRE BAARTVEDT Stilling: Student Alder: 21 5709 VOSS
3
KARL JOHAN KIRKEBØ Stilling: Marknadsdirektør Alder: 65 5151 STRAUMSGREND
4
ANDREAS SKEIDSVOLL Stilling: Student Alder: 23 5282 LONEVÅG
5
BERIT NØST DALE Stilling: Høgskolelektor Alder: 63 5918 FREKHAUG
6
MARIUS ØKLAND Stilling: Adm. leiar Alder: 29 5420 RUBBESTADNESET
7
LIV RØNNINGEN ÅGOTNES Stilling: TSP Group Manager Alder: 48 5363 ÅGOTNES
8
IDA LINDØE Stilling: Lektor ungdomsskule Alder: 48 5614 ÅLVIK
9
VEMUND ATLE ØIESTAD Stilling: Tannlege Alder: 67 6795 BLAKSÆTER
10
PER HILLEREN Stilling: Bonde Alder: 56 6856 SOGNDAL
11
INGE WILHELM ØKLAND Stilling: Barne- og ungd.arb. Alder: 27 5035 BERGEN
12
HILDEGUNN KALVENES Stilling: Pensj. helsesøster Alder: 68 5392 STOREBØ
13
BJØRN SANDVIK SØLSNÆS Stilling: Student Alder: 20 6863 LEIKANGER
14
KJELLFRID TORUNN MÆLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 64 5414 STORD
15
GUNN RAGNHILD VÅRDAL HELGESEN Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 59 6740 SELJE
16
KJELL JARLE AADLAND Stilling: Rådgjevar Alder: 66 5209 OS
17
JOSTEIN BILDØY Stilling: Dagleg leiar Alder: 49 6810 FØRDE