MARTE MALTERUD SEIP

Stilling: Pensjonert lege Alder: 69 5783 EIDFJORD Supplerande kandidat ved Bispedømerådsvalet i BJØRGVIN BISPEDØME på Lista til nominasjonskomiteen

Satsingsområde

  • Gudstjeneste og forkynnelse
  • Trosopplæring
  • Diakoni og bygging av felleskap
  • Misjon og nødhjelp
  • Medarbeiderutvikling både for tilsatte og frivillige

Spørsmål og svar

1. Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: Kirka og dens arbeid ligg meg på hjartet. Vi er nå inne i en viktig organisasjonsoppbyggingsfase. Eg er oppteken av at strukturar på alle plan måte tene det lokale arbeidet. Spesielt meinar eg at eg kan representere små kommunar og prosti med mange sokn og kommunar.

2. Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som 
• Vedkjennande
• Open
• Tenande
• Misjonerande
Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette?

Eg vil leggja vekt på det lokale arbeidet og ressursar til dette. Konsulentar og rådsstruktur på bispedøme- og riksplan må styrke det lokale arbeid ved opplæring, veiledning og formidling av nyttige erfaringar.

3. Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja?  

Eg er ikkje sikker på kva kyrkja bør gjere på alle punkt når det gjeld dette. Eg meiner ikkje dette spørsmålet bør vere av dominerende viktighet når det gjeld kven som vert tilsett eller vald til verv i kyrkja. 

4. Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter  ser du for rekruttering , organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja? 

Eg tvilar på at tilhøvet til staten er avgjerande for rekruttering av tilsette eller frivillige i kyrkja. Derimot står vi nok framfor mange viktige val når det gjeld organisering og arbeidsgjevaransvar. Kanskje må vi godta å halde fram med 2 arbeidsgjevarlinjer, for å få store nok einingar for vigsla tilsette, utan å trekke for mykje ressursar og avgjersmynde vekk frå fellesråd/lokalplan.

5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje? 

Ved å leggje vekt på det viktigste som vi står saman om: Ei Kristusfokusert forkynning, bygging av felleskap der vi kan møtast, bli kjende og arbeide samen med viktige praktiske oppgåver.

Arbeidserfaring / utdanning

1966 - 1972
Legeutdanning

1973 - 1974
Turnusteneste ved Molde sjukehus og i Nesset kommune

1974 - 1977
Ansatt i Kirkens Nødhjelp, arbeidet i Sør-Sudan og Pakistan

1977 - 2013
Primærlegearbeid i Eidfjord kommune og Ullensvang herad

Kyrkjelege verv

Kirkens nødhjelp, prosti- og distriktskontakt i ca. 25 år.

1978 - 2003
KFUK speiderleder

1985 - 1993
Medlem i Bjørgvin bispedømeråds diakoniutval

1997 - 2015
Medlem i Eidfjord Sokneråd og Fellelsråd

2013 -
Veigrepsstyret


Andre kandidatar på same liste

EGIL MORLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 65 5360 KOLLTVEIT
1
INGER HELENE THINGVOLD NORDEIDE Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 54 6810 FØRDE
2
NORA SÆTRE BAARTVEDT Stilling: Student Alder: 21 5709 VOSS
3
KARL JOHAN KIRKEBØ Stilling: Marknadsdirektør Alder: 65 5151 STRAUMSGREND
4
ANDREAS SKEIDSVOLL Stilling: Student Alder: 23 5282 LONEVÅG
5
BERIT NØST DALE Stilling: Høgskolelektor Alder: 63 5918 FREKHAUG
6
MARIUS ØKLAND Stilling: Adm. leiar Alder: 29 5420 RUBBESTADNESET
7
LIV RØNNINGEN ÅGOTNES Stilling: TSP Group Manager Alder: 48 5363 ÅGOTNES
8
IDA LINDØE Stilling: Lektor ungdomsskule Alder: 48 5614 ÅLVIK
9
VEMUND ATLE ØIESTAD Stilling: Tannlege Alder: 67 6795 BLAKSÆTER
10
PER HILLEREN Stilling: Bonde Alder: 56 6856 SOGNDAL
11
INGE WILHELM ØKLAND Stilling: Barne- og ungd.arb. Alder: 27 5035 BERGEN
12
HILDEGUNN KALVENES Stilling: Pensj. helsesøster Alder: 68 5392 STOREBØ
13
BJØRN SANDVIK SØLSNÆS Stilling: Student Alder: 20 6863 LEIKANGER
14
KJELLFRID TORUNN MÆLAND Stilling: Førsteamanuensis Alder: 64 5414 STORD
15
GUNN RAGNHILD VÅRDAL HELGESEN Stilling: Sjølvst. næringsdr. Alder: 59 6740 SELJE
16
KJELL JARLE AADLAND Stilling: Rådgjevar Alder: 66 5209 OS
17
JOSTEIN BILDØY Stilling: Dagleg leiar Alder: 49 6810 FØRDE