Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Rapporteringsrutinar for intensjonsstøtte og listestøtte

Registrerte nomineringsgrupper kan søke Kyrkjerådet om intensjonsstøtte og listestøtte. Dei nomineringsgruppene som får støtte skal sende rapportar som beskrive under. Det kan komme endringar i desse rapporteringskrava, for eksempel dersom det kjem nye krav frå revisoren til Kyrkjerådet.

 Pengar som ikkje er brukt opp til formålet må leverast tilbake.

Store organisasjonar

For organisasjonar som er over minst ei av desse grensene:

  • Minst 5 millionar kr i årleg omsetning.
  • 20 millionar kr i eigendelar
  • Gjennomsnittleg tilsette over 20 årsverk

Innan 1. mai året etter at tilskotet er motteke skal organisasjonen sende til Kyrkjerådet:

  • Kort årsrapport for aktiviteten førre år år.
  • Årsberetning, rekneskap og revisjonsberetning for førre år.

Revisjonen skal vere gjort av autorisert revisor.


Små organisasjonar

For organisasjonar med mindre enn

  • 5 millionar kr i årleg omsetning
  • Mindre enn 20 millionar kr i eigendelar
  • Gjennomsnittleg tilsette færre enn 20 årsverk

Innan 1. mai året etter at tilskotet er motteke skal organisasjonen sende til Kyrkjerådet:

  • Årsrapport for førre år.
  • Ein av desse to:
    • Rekneskap for førre år signert av leiar og vald lek revisor.
    • Ei enkel oppstilling av inntekter, kostnader og resultat signert av to personar.

Det er ikkje noko krav om at revisjonen skal vere utført av autorisert revisor. Revisor er ein lek vald revisor som den som mottek midlane og skal rapportere sjølv vel.

Rapportering på bidragsytarar

Dersom ein bidragsyter i løpet av rekneskapsåret har gitt eitt eller fleire bidrag til ei nomineringsgruppe som til saman utgjer ein verdi av 12 000 kroner eller meir, skal nomineringsgruppa særlig oppgi verdien av bidraget og identiteten til bidragsytaren. Privatpersonar skal identifiserast med namn og bustadskommune. Andre bidragsytarar, långivarar eller sponsorar skal identifiserast med namn og postadresse.

Dette skal rapporterast til Kyrkjerådet innan 20. august 2019.

 

Kontaktinformasjon for Kirkerådet

Postboks 799 Sentrum, 0106 Oslo
Tlf.: 23 08 12 00
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Web: kirkevalget.no

Kontakt seniorrådgiver Anders Backer-Grøndahl Eide
E-post: ae346@kirken.no
Tlf 23 08 12 57 / 40 40 44 28

Kontakt rådgiver kirkevalg
Margit Aas Onstein
E-post: mo244@kirken.no
Tlf 23 08 12 63