Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Valkort

Her finn du informasjonen frå valkortet

Hei du, lenge sidan sist?

Var det i jula, i ei gravferd eller i eit bryllaup i fjor sommar? Eller går du kanskje ofte i kyrkja?

Uansett skal kyrkja vere ein stad for tru og tvil, ettertanke og trøyst – eit rom for deg. Det er her vi seier «ja» til våre utvalde, og døyper barna våre. Det er her vi tek farvel med våre kjære, det er hit vi søkjer når motbakkane blir for tøffe. Kyrkja skal vere eit rom for deg i lokalmiljøet ditt.

Kvifor skriv vi dette til deg?

Jo, for som medlem av Den norske kyrkja har du stemmerett i kyrkjevalet 8.–9. september. Det er lett å ta kyrkja for gitt, men ved å stemme viser du at du vil ha ei kyrkje som er der for deg. Når du treng henne. 

I kyrkjevalet stemmer du på kandidatar til soknerådet og til bispedømerådet og Kyrkjemøtet. Dei blir valde for ein fireårsperiode og er med på å avgjere korleis kyrkja skal prioritere oppgåver nasjonalt og der du bur.

Gå inn på kyrkjevalet.no for meir informasjon om kandidatar du kan stemme på.

Når og kvar kan du stemme?

Kyrkjevalet skjer samtidig med kommunestyre- og fylkestingsvalet 8.–9. september, i eit lokale rett ved lokalvalet. Du kan førehandsstemme frå 10. august.

Informasjon om vallokalet ditt finn du på valkortet som ligg saman med denne brosjyren, og på kyrkjevalet.no.

Kven kan stemme?

Medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, har stemmerett frå det året dei fyller 15 år. Det er dåpen som gir medlemskap i Den norske kyrkja.

  • 3,7 millionar medlemmar
  • 61 000 gudstenester i 2018
  • 1,6 millionar menneske var på konsertar eller kulturarrangement i 2018
  • 5,3 millionar menneske deltok i ei gudsteneste ein søndag eller annan heilagdag i 2018

 

Slik er kyrkja organisert 

Soknerådet

Soknerådet har som hovudoppgåve å forme og utvikle kyrkjelyden. Soknerådet tek avgjerder på vegner av alle som høyrer til kyrkjelyden, innan omsorg og diakoni, gudstenester, kultur, undervisning og aktivitetstilbod for små og store.

Bispedømerådet

Bispedømerådet er det regionale styringsorganet i Den norske kyrkja. Bispedømerådet har arbeidsgivaransvaret for prestane og arbeider for det beste for kyrkja i heile bispedømet. I Noreg er det i alt elleve bispedømeråd.

Kyrkjemøtet

Medlemmene av bispedømeråda utgjer Kyrkjemøtet, saman med leiaren av Samisk kyrkjeråd. Kyrkjemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkja og kjem saman éin gong i året.

 

Slik går du fram når du skal stemme:

Kyrkjevalet er to val: val til sokneråd og val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

I alle vallokala skal det vere ein stad der du i einerom og usett kan velje dei stemmesetlane du vil ha, og gjere endringar. Dette kan til dømes vere eit valavlukke eller eit eige rom.

I avlukket

1. Vel stemmesetlane du vil bruke, éin per val. Du kan stemme ved eitt val eller begge vala.

2. Gjer eventuelle endringar på stemmesetlane, sjå under.

3. Brett stemmesetlane så ingen kan sjå kva du har stemt.

Hos valfunksjonæren

4. Du må vise legitimasjon. Valfunksjonæren kryssar deg av i manntalet og stemplar stemmesetlane.
NB! Stemmesetlane må ha stempel for å bli godkjende.

5. Legg stemmesetlane i valurna.

Endringar på stemmesetelen

A. Du kan levere stemmesetelen utan å gjere endringar. Kandidatar som står øvst på lista med utheva skrift, får stemmetillegg. Alle andre på lista får éi stemme kvar.

B. Du kan gi inntil tre kandidatar personstemme ved å setje merke ved namnet til kandidaten.

C. Ved val til bispedømeråd kan du gi stemma di til inntil tre kandidatar frå andre lister. Ved val til sokneråd med éi liste kan du skrive opp inntil tre valbare personar i soknet.

 

Valkort

Dette valkortet gjeld for kyrkjevalet 2019. Medlemmer av Den norske kyrkja har stemmerett frå det året dei fyller 15 år.

Førehandsstemme?

Du kan førehandsstemme i tida frå 10. august til 6. september. Nærare informasjon om tid og stad blir kunngjord lokalt og på kyrkjevalet.no. Vil du stemme i eit anna sokn enn der du bur, må du gjere det innan 2. september.

Medlemsstatus

Dette valkortet blir sendt til medlemmer i Den norske kyrkja. Sjekk om du er medlem, og gjer endringar på kyrkja.no/medlem eller ta kontakt med kyrkjekontoret der du bur.

Tid og stad for valet

På det fysiske valkortet finn du informasjon om kva sokn og kva stemmekrets du er registrert i, kvar og når du kan stemme og kor mange lister det er i ditt bispedøme. Dersom du veit kva sokn du er registrert i kan du søke opp denne informasjonen på sida med informasjon om valglister og kandidatar. Dersom du ikkje veit kva sokn du er registrert i kan du søke på adressa di i menighetssøket på kyrkja.no. Det er adressa der du var folkeregistrert 30.juni som avgjer kvar du har stemmerett.

 

Kontaktinformasjon for Kirkerådet

Postboks 799 Sentrum, 0106 Oslo
Tlf.: 23 08 12 00
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Web: kirkevalget.no

Kontakt seniorrådgiver Anders Backer-Grøndahl Eide
E-post: ae346@kirken.no
Tlf 23 08 12 57 / 40 40 44 28

Kontakt rådgiver kirkevalg
Margit Aas Onstein
E-post: mo244@kirken.no
Tlf 23 08 12 00 (sentralbordet)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"