AAGOT LIV SØRUMGÅRD BOTHEIM
Stilling: Pensjonist. Fødselsår: 1956 Kandidat ved Menighetsrådsvalget i LESJA OG LESJASKOG SOKN på Nominasjonskomiteens listeYrke / utdanning
Pensjonist og småbrukar
Verv i kirkelig sammenheng
2002 - 2003
Lesja menighetsråd (leiar)
2002 - 2005
Lesja kyrkjelege råd (leiar)
2002 - 2005
Lesja menighetsråd
Satsningsområder
- Kyrkja betyr mykje for dei høgtidlege og store hendingane i
- livet, både gledelege og triste. Eg har og stor interesse
- for kyrkjebygget og kyrkjegarden, og ikkje minst for musikk,
- kunst og kultur som er knytt til kyrkja.
Utfyllende presentasjon
Eg har vore med i fellesrådet tidlegare, og synest arbeidet var interessant og meiningsfylt. Kyrkja har alltid vore eit fast punkt i livet. Eg meiner den er viktig for oss som ikkje er så sterke i trua, at vi og kjenner oss velkomne og blir møtt med respekt, ikkje krav og fordømming. Eg har vore tekstlesar i kyrkja i fleire år, og det kan eg godt fortsetja med. Elles likar eg best praktisk arbeid både ute og inne. Eg er gift, har tre barn og fire barnebarn, og er svært familie- og heimekjær. Eg meiner sjølv at eg ei ein livsglad og optimistisk person. Eg har arbeidd som gardbrukar, og har i mange år vore tilsett som sekretær/konsulent i Lesja kommune. Elles trivst eg best med det enkle livet lang til fjells, både sommar og vinter.