Charta Oecumenica

Retningsliner for det aukande samarbeidet mellom kyrkjer i Europa.

”Lova vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande”

Konferansen av europeiske kyrkjer (KEK) og Rådet for europeiske bispekonferansar (CCEE) er førebudde til å ta vare på og utvikle fellesskapet som har vakse fram mellom oss, - i ånda til den bodskapen som kom frå dei to økumeniske samlingane i Basel (1989) og Graz (1997). Me takkar vår treeinige Gud som leier oss mot eit stendig djupare fellesskap gjennom sin Heilage Ande.

Ulike former for økumenisk samarbeid har alt vist seg å vere fruktbare. Kristi bøn er: ”...at dei alle må vere eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vere i oss, så verda skal tru at du har sendt meg.” (Joh 17,21). Dersom me er trufaste mot denne bøna, kan me ikkje seie oss nøgde med den noverande stoda. Me er medvitne om skulda vår og vil vende om: Me må istaden trå etter å overvinne splittingane som framleis er mellom oss, slik at me i fellesskap truverdig kan forkynne evangeliet for alle menneske.

Ved å lytte saman til Guds ord i Den heilage Skrifta, ved å verta utfordra til å vedkjenna den felles trua vår og ved å handle saman etter sanninga me har røynt, ynskjer me å vitne om kjærleiken og håpet for alle menneske.

Europa - frå Atlanterhavet til Uralfjella, frå Nordkapp til Middelhavet - er i dag meir pluralistisk enn nokon gong. Med evangeliet ynskjer me å forsvare mennesket som skapt i Guds bilete, og saman som kyrkjer hjelpe til å forsone folk og kulturar.

Med denne forståinga tek me opp dette charteret som eit felles ansvar til samtale og samarbeid. Det skildrer grunnleggjande økumeniske oppgåver og utmynter ei rekkje forpliktingar. Charteret er skrive for å fremje ein økumenisk kultur for samtale og samarbeid på alle nivå i kyrkjelivet, og å gje ei sams rettesnor for dette. Men det har ikkje nokon særmerkt dogmatisk eller læremessig profil, og det har heller ikkje kyrkjerettsleg stand. Charteret sin autoritet kviler på dei friviljuge tilslutningane frå europeiske kyrkjer og økumeniske organisasjonar. Ved å byggje på denne grunnteksten, kan dei ordleggje sine eigne lokale tillegg som kan møte deira eigne utfordringar og føra til truskap.


I

ME TRUR PÅ ”EI HEILAG ÅLMENN OG APOSTOLISK KYRKJE”

”Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, ein Herre, ei tru, ein dåp, ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.” (Ef. 4, 3-6)

1. Å vere kalla saman til einskap i trua

Med Jesu Kristi evangelium, slik det er vitna om i Skrifta og slik det er uttrykt i den økumeniske Nikensk-konstantinopolitanske truvedkjenninga frå 381, trur me på den treeinige Gud: Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Sidan me her vedkjenner ”ei, heilag, katolsk og apostolisk kyrkje” er den viktigaste økumeniske oppgåva vår å gjere denne einskapen synleg, ein einskap som alltid er ei gåve frå Gud.

Grunnleggjande skilnadar i trua hindrar framleis ein synleg einskap. Det finst ulike syn både på kyrkja og einskapen i kyrkja, og på sakrament og embete. Me må ikkje seie oss nøgde med denne situasjonen. Jesus Kristus openberra både kjærleiken hans og forsoningsmysteriet for oss på krossen. Me fylgjer etter han og ynskjer å gjere vårt ytterste for å overvinne problema og hindringane som framleis splittar kyrkjene.

Me skuldar

- å fylgje den apostoliske formaninga i brevet til Efeserane, og å vere uthaldande i å søkje ei sams forståing av Kristi bodskap av frelse i evangeliet

- i krafta til Den Heilage Ande, å arbeide for synleg einskap til Jesu Kristi kyrkje i den eine trua slik det vert uttrykt i gjensidig godkjenning av dåpen og i nattverdfellesskap, samt i felles vitnesbyrd og teneste.


II

PÅ VEG MOT SYNLEG FELLESSKAP FOR KYRKJENE I EUROPA

”På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre” (Joh. 13,35)

2. Forkynning av evangeliet saman

Ei sams forkynning av evangeliet - i både ord og gjerning - til frelse for alle er den viktigaste oppgåva til kyrkjene i Europa. Den store mangelen av orienteringspunkt, framandgjering av kristne grunnverdiar, - men óg søking etter meining på mange vis - utfordrar kristne til å vitne om trua si. Denne utfordringa vil kreve forsterka interesse til å undervise i kristen tru (t.d. opplæring i katekisma) og pastoral omsorg i dei lokale kyrkjelydane, samt ei utveksling av erfaringar på desse områda.

Samstundes er det like viktig at heile gudsfolket i fellesskap gjer kjent evangeliet i det offentlege rommet, noko som óg fører med seg sosial innsats og politisk ansvar.

Me skuldar

- å drøfte planane våre for evangelisering med andre kyrkjer, å inngå avtalar med dei og slik unngå skadeleg tevling som vekkjer harme og som risikerer nye splittingar;

- å erkjenne at kvart menneske fritt kan velje hans eller hennar religiøse og kyrkjelege identitet. Ingen kan føre nokon til å konvertere ved hjelp av moralsk press eller lovnad om materielle fordelar, men det tyder også at ein ikkje kan hindre nokon frå å konvertere dersom det er etter hans eller hennar frie vilje.

3. Å nærme seg kvarandre

I anden til evangeliet må me saman arbeide med soga til dei kristne kyrkjene. Ho har ofte vore prega av gode erfaringar, men også ved skisma, fiendskap og jamvel væpna konflikter. Menneskeleg skuld, mangel på kjærleik og stor misbruk av tru og kyrkje til politiske føremål har øydelagt svært mykje av truverde til det kristne vitnemålet. Økumenikk startar difor for dei kristne med fornying hjartene og vilje til bot og omvending. Forsoninga har vakse i den økumeniske rørsla.

Det er viktig å erkjenne dei andelege gåvene i ulike kristne tradisjonar, lære av kvarandre og på den måten få del i desse gåvene. Dersom den økumeniske rørsla skal bløme, er det naudsynt å integrere erfaringar og forventningar til unge menneske og oppmuntre til deira deltaking.

Me skuldar

- å overvinne kjensla av at den einskilde kyrkja er seg sjølv nok, og å eliminere fordommar; å søkje felles møtepunkt og vere klar til å hjelpe kvarandre;

- å oppmuntre til økumenisk open framferd og samarbeid innan kristen oppseding, teologisk utdanning, vidareutdanning og forsking.

4. Å handle saman

Ulike former for felles handling er alt økumeniske. Mange kristne frå forskjellige kyrkjer lever side om side i venskap, i nabolag, på arbeid og i familiane deira. Par som lever i interkonfesjonelle ekteskap bør særskilt støttast i dei daglege økumenisk erfaringane deira.

Me rår til at bilaterale og multilaterale økumeniske strukturar skal skapast og oppretthaldast for samhandling på lokale, regionale, nasjonale og internasjonale nivå. På det europeiske nivået er det naudsynt å styrkje samarbeidet mellom Konferansen av europeiske kyrkjer og Rådet for den europeiske bispekonferansen, og å gjennomføre fleire europeiske økumeniske samlingar.

Dersom det skulle oppstå konfliktar mellom kyrkjer, bør tiltak for fred og forhandlingar verte starta og støtta der det er naudsynt.

Me skuldar

- å handle saman på alle nivå i kyrkjene, der kor tilhøva tillet dette og det ikkje er imot trua eller større praktiske hindringar hindrar det;

- å forsvare minoritetane sine rettar og hjelpe til med å minske misforståingar og fordommar mellom majoritetskyrkjer og minoritetskyrkjer i våre land.

5. Å be saman

Den økumeniske rørsla lever ved at me saman høyrer Guds ord og lar Heilaganden arbeide i oss og gjennom oss. Ved styrken av denne mottekne nåden søkjer ein ved mange ulike tiltak – gjennom bøneliv og gudsteneste - å fordjupe det andelege fellesskapet mellom kyrkjene og be for den synlege einskapen til Kristi kyrkje. Fråveret av nattverdfellesskap er eit særskilt smertefullt teikn på splittinga mellom mange kristne kyrkjer.

Nokre kyrkjer har reservasjonar mot å be saman i ein økumenisk kontekst. Men mange økumeniske gudstenestar, felles songar og bøner – særleg Fadervår -, har prega vår kristne spiritualitet.

Me skuldar

- å be for kvarandre og for kristen einskap;

- å lære og setje pris på gudstenester og andre former for andeleg liv som andre kyrkjer praktiserer;

- å gå mot målet om nattverdfellesskap.

6. Å fortsetje i samtale

Vårt fellesskap er grunna i Kristus, noko som er grunnleggjande viktig å halde fast ved i møte med våre ulike teologiske og etiske standpunkt. I staden for å sjå dei ulike posisjonane som ein rikdom, tillet me at skilnadar i meiningar om lære, etikk og kyrkjeordningar splitter kyrkjene. Ofte spelte spesielle historiske tilhøve og ulike kulturelle bakgrunnar ei avgjerande rolle.

For å fordjupe det økumeniske fellesskapet, må tiltak for å oppnå konsensus i trua så avgjort få fortsetja. Utan einskap i trua er det ikkje noko fullt kyrkjefellesskap. Det finst ikkje noko alternativ til samtale.

Me skuldar

- å fortsetje i samvitsfulle, intensive samtalar på alle nivå mellom kyrkjene våre, samt å undersøkje spørsmålet om korleis offisielle kyrkjestrukturar kan - og skal - ta imot og implementere resultata som er nådde i samtalane;

- når det oppstår usemje, særskild når splittinga truar i spørsmål om tru og etikk, å søkje samtale og drøfte sakene i ljos av evangeliet.


III

VÅRT FELLES ANSVAR I EUROPA

”Sæle er dei som skapar fred, for dei skal kallast Guds born” (Matt 5,9)

7. Å vere med på å byggje Europa

Gjennom sekler har det vakse fram eit - i religiøse og kulturelle termar - kristent Europa. Trass dette har dei kristne svikta i å hindre ulukke, både innanfor og utover Europa sine grenser. Me kjennest ved vår del av ansvaret for denne skulda og ber Gud og våre medmenneske om tilgjeving.

Trua vår hjelper oss å lære av fortida. Trua og kjærleiken til naboane våre gjev oss ei kjelde av håp,- eit håp for moral og etikk, utdanning, kultur og politikk – både i Europa og over heile verda.

Kyrkjene stør ei integrering av det europeiske kontinentet. Utan felles verdiar kan ikkje einskapen vare. Me er overtydde om at den andelege arva til kristendommen er ei kraftkjelde til inspirasjon og rikdom for Europa. På grunnlag av den kristne trua vår vil me arbeide mot eit menneskeleg, sosialt medvite Europa kor menneskerettar og dei grunnleggande verdiane fred, rettferd, fridom, toleranse, deltaking og solidaritet finst. På same måten leggjer me vekt på ærefrykt for livet, verdien av ekteskap og familie, særskilt innsats for fattige, vilje til å tilgje, og medkjensle i alle ting.

Som kyrkjer og internasjonale fellesskap må me arbeide mot at Europa utvikler eit integrert vest og eit uintegrert aust, og akta på skiljet mellom nord og sør innanfor Europa. Samstundes må me hindre eurosentrisme og styrke Europa sitt ansvar for alle menneske, særskilt for dei fattige over heile verda.

Me skuldar

- å søkje semje om innhald og mål for vårt sosiale ansvar, og til å fremje sakene og visjonane til kyrkjene mot dei sekulære institusjonane i Europa mest mogleg i fellesskap;

- å verje mot alle sortar brot på grunnleggjande verdiar;

- å stå imot kvar freisting til å misbruke religion og kyrkja til etniske og nasjonalistiske mål.

8. Å forsone folk og kulturar

Me ser mangfaldet i våre regionale, nasjonale, kulturelle og religiøse tradisjonar å som ein rikdom for Europa. I møte med dei mange konfliktane er kyrkjene kalla til ei forsoningsteneste mellom folk og kulturar. Me veit at fred mellom kyrkjene er eit viktig vilkår for dette.

I ånda til evangeliet må me arbeide saman om å vurdere og hjelpe til med å løyse politiske og sosiale saker. Me forsvarer alle menneske sin absolutt like verdi, sidan kvart individ er skapt i Guds bilete.

Som kyrkjer ynskjer me å sameina kreftene for å stø demokratiseringsprosessen i Europa. Me er opptekne av å opprette fredsstrukturar som er tufta på ikkje-valdeleg konfliktløysing. Me fordømmer alle former for vald mot menneske, særskilt mot kvinner og born.

Å arbeide for sosial rettferd innan og mellom alle folk høyrer også til forsoning, framfor alt å lukke gapet mellom rik og fattig, og til å gjere ein ende på arbeidsløysa. Saman vil me gjere vårt for å gje innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar ei mottaking i Europa som er menneske verdig.

Me skuldar

- å arbeide mot alle former for nasjonalisme som leier til undertrykking av andre folkeslag og nasjonale minoritetar og å arbeide for ikkje-valdelege løysingar;

- å styrkje posisjonen og like rettar for kvinner på alle livsområde, og å oppmode til rettmessig samarbeid mellom kvinner og menn i kyrkje og samfunnsliv.

9. Å verne om skaparverket

I trua på kjærleiken til Gud Skaparen takkar me for skapingsgåva, kor verdifull og vakker naturen er. Men me ser med skrekk på korleis naturressursane vert utnytta utan at deira eigenverdi eller grenser vert tillagt vekt, og utan at framtidige generasjonar si velferd vert tenkt på.

Saman vil me hjelpe til med å skape varige livsvilkår for heile skapinga. Det er vårt ansvar overfor Gud å leggje til grunn effektive kriterier for å skilje kva menneske kan gjere i høve til forsking og teknologi og kva dei ikkje burde gjere i høve til etiske normer.

Me tilrår at dei europeiske kyrkjene starter ein økumenisk dag med bøn for vern om skaparverket.

Me skuldar

- å utvikle ein livsstil som ikkje er prega av slaveri for økonomi og konsum, men som leggjer vinn på ansvarleg og bærekraftig livskvalitet;

- å stø kyrkjelege miljørørsler og økumeniske nettverk i deira ansvar for å verne om skaparverket.

10. Å styrke fellesskapet med jødane

Me er bunde saman i eit fellesskap utan sidestykke med det jødiske folket, dei som Gud har skipa ei evig pakt med. Trua vår lærer oss at våre jødiske systre og brør ”er elska av Gud, for fedrane skuld. For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing” (Rom 11,28 - 29). Og ”dei har barnekåret og Guds herlegdom, paktene og lova, tempeltenesta og lovnadane; deira er fedrane, og frå dei er Kristus komen som menneske” (Rom 9,4 - 5).

Me klager over og fordømmer alle uttrykk av anti-semittisme, alle utbrot av hat og forfylgjing. Me ber Gud om tilgjeving for anti-jødiske haldningar mellom kristne, og me ber våre jødiske systre og brør om forsoning.

Det er særs naudsynt å gjere synleg i gudstenestene, læra og livet til kyrkjene våre dei djupe banda som er mellom den kristne trua og jødedommen, og å stø samarbeidet mellom kristne og jødar.

Me skuldar

- å øve motstand mot alle former for anti-semittisme og anti-jødiske straumar i kyrkja og i samfunnet;

- å søkje og forsterke samtalen med våre jødiske systre og brør på alle nivå.

11. Å dyrke sambandet med islam

Muslimane har budd i Europa gjennom sekler. I mange europeiske land utgjer dei store mindretal. Sjølv om det har vore og er mykje god kontakt og godt naboskap mellom kristne og muslimar, er framleis sambandet prega av sterke atterhald og fordomar på begge sider. Dette kjem av smertelege erfaringar opp gjennom soga og i nyare historie.

Me ynskjer å forsterke møte mellom kristne og muslimar og oppmodar til kristen-muslimsk samtale på alle nivå. Me rår særskilt til at ein talar med kvarandre om vår felles tru på den eine Gud, og klargjer idéar om menneskerettane.

Me skuldar

- å oppføre oss med respekt i møte med muslimar;

- å arbeide saman med muslimar i saker me har felles med dei.

12. Å møte andre religionar og verdssyn

Mangfaldet av religiøse og ikkje-religiøse syn på tru og livsførsel har etterkvart vorte eit kjennemerke for europeisk kultur. Austlege religionar og nye religiøse fellesskap spreier seg og dreg merksemd til seg frå mange kristne óg. I tillegg vender mange menneske seg bort frå den kristne trua, dei overser henne eller har andre livsfilosofiar.

Me ynskjer å ta kritikk frå andre alvorleg og søkje å føre gode ordskifte med dei. Men det er naudsynt å skilje mellom fellesskap som ein ynskjer å møte og føre samtale med, og fellesskap som ein frå ein kristen ståstad bør åtvare mot.

Me skuldar

- å kjennast ved religionsfridomen og samvitsfridomen til menneske og fellesskap, og forsvara deira rett til å praktisera trua si eller overtydingane sine, både som individ og som gruppe, privat eller offentleg innanfor den gjeldande rettspraksis;

- å vere open for samtale med alle personar av god vilje, å gå vidare i saker med ålmenn interesse, og å vitne om den kristne trua vår for dei.

*************

Jesus Kristus, Herren til den eine kyrkja, er vår største von om forsoning og fred.

I namnet hans ynskjer me å fortsetje vår felles veg i Europa.

Me ber om Guds leiing i krafta til den Heilage Ande.

”Men Gud, som gjev von, han fylle oss med all glede og fred i trua, så me kan vera rike på von ved Den Heilage Andens kraft.” (Rom 15,13)

*************

Som presidentar for Konferansen av europeiske kyrkjer og Rådet for den europeiske bispekonferansen, tilrår me at dette Charta Oecumenica vert ein grunntekst for alle kyrkjene og bispekonferansane i Europa og vert teke opp og tilpassa i kvar lokal samanheng.

Med dette rådet underteiknar me Charta Oecumenica, under Det europeiske økumeniske møtet, fyrste sundag etter fellesfeiringa av påsken 2001.

Strasbourg, 22. april 2001

Metropolitt Jérémie
President
Konferansen av europeiske kyrkjer

Kardinal Vlk
President
Rådet for den europeiske bispekonferansen

Kontaktinformasjon for Mellomkirkelig råd

Kirkens Hus Rådshusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:

Mandag-fredag kl. 09.00-15.30

Telefon: 23 08 12 00

Postadresse:

Mellomkirkelig råd

Postboks 799 Sentrum

0106 Oslo

E-post: post.kirkeradet@kirken.no

Ansvarlig redaktør:

Ingeborg Dybvig

Digital redaktør:

Svend Ole Kvilesjø