Konfirmantar har skrive tesar om nåde

Rett over nyttår vil folk møte seks tesar om nåde når dei går omkring i Ål sentrum. Det er nokre av fjorårskonfirmantane som har arbeidd med desse tesane i lang tid.

«Luther øre» er eit prosjekt i Tunsberg bispedømme der fire kyrkjelydar er med. Ein av dei er Ål i Hallingdal. Konfirmantane er med i ei prosjektgruppe som har prøvd å finne ut kva Luther hadde som hovudtanke då han for 500 år sidan la grunnen for det som blei til reformasjonen.

For å finne ut kva folk veit om Martin Luther og kva dei tenkjer om ordet «nåde», har prosjektgruppa vore ute i Ål sentrum og intervjua ungdommar og vaksne. Dei ulike svara dei fekk, gav dei mykje å tenkje på.

‒ Det fortel oss kor viktig det er for kyrkja å formidle noko om dette som er slik at alle kan forstå det, seier dei.

‒ For å nærme oss kva nåde betyr, har me gått vegen om det nådelause. For mange av oss er det lettare å setje ord på. Vi har alle krav og forventningar til oss sjølve om å vere best, penast, få dei beste karakterane, vere den mest populære. Lista er uendeleg og ofte nådelaus. Tenk deg då at nåde er det motsette av alle desse krava. Ei gåve vi kan ta imot ‒ utan å prestere noko, heilt gratis!

Alle konfirmantane har måtta prøve å setje ord på dette. Dei har klart det, sjølv om det ikkje er lett for nokon av dei. Så har prosjektgruppa jobba vidare med svara, slik at dei har kome fram til dei seks tesane dei no står att med.

Konfirmantane vil følgje i spora til Luther og hengje opp tesane der alle folk kan sjå dei. Slik vil dei få folk til å tenkje etter kva nåde er. Kanskje kan det skape både undring og håp.


Sjå konfirmantane frå Ål som intervjuar folk om nåde.

Sjå andre tesar frå Luther øre-prosjektet i Tunsberg.

Kontaktinformasjon for DEN NORSKE KIRKE OG NORGES KRISTNE RÅD

Ansvarlig redaktør:

Ingeborg Dybvig

Nettredaktør:

Gunnar Westermoen

Postadresse:

Kirkerådet

Postboks 799 Sentrum,

0106 Oslo

E-post: post.kirkeradet@kirken.no

Tlf: 23 08 12 00

Postadresse:
Norges Kristne Råd
Rådhusgata 1-3,
0151 Oslo
E-post: post@norkr.no 
Tlf.: 23 08 13 00