Visitas Nord-Aurdal
Praktisk informasjon
Fra:1.4.2025 - kl.08.30
Til:13.4.2025 - kl.15.00
Sted:Nord-Aurdal
Arrangør:
I april kjem biskop Ole Kristian Bonden med følgje til Nord-Aurdal på visitas. Biskopen har tilsyn med den kyrkjelege verksemda i bispedømmet omlag kvart 8. år. Målet med visitasen er å inspirere, stø og vegleie kyrkjelydsråd og tilsette, og gjere kyrkja synleg i lokalsamfunnet.
Datoar for biskopen si vitjing i Nord-Aurdal er 1. - 3. april, med visitasgudsteneste sundag 13. april 2024.
PROGRAM
Her finn du heile programmet for visitasen.
Opne arrangement der du kan møte biskopen:
Tysdag 1. april
Kl. 09.00 Ulnes kyrkje - Opning av visitasen - Morgonsong der Montesorriskulen deltek
Kl. 09.40 Ulnes kyrkje - bonden si stilling i Nord-Aurdal - "Bondens nettverk - ein å snakke med".
Kl. 18.00 Tingnes kyrkje - "Kyrkja for alle"
Onsdag 2. april
Kl. 11.20 Skrautvål kyrkje - "Open kyrkje"
Kl. 19.00 Tisleidalen kyrkje - Kveldssong
Torsdag 3. april
Kl. 18.15 Strand kyrkje - Internasjonal fellesskapskveld
Søndag 13. april
Kl. 11.00 Aurdal kyrkje - Visitasgudsteneste, biskopens visitasforedrag og kyrkjekaffe.
