Biskop Solveig får si eiga side på facebook. Her vil ho dela smått og stort frå kvardagslivet som biskop.
Dei som er ven med Solveig Fiske privat, veit at ho er aktiv i sosiale media. På den private heimesida si, delar ho frå kvardagen som biskop, men vi får og ta del i hennar tankar og refleksjonar om aktuelle spørsmål i samfunnet. Biskopen går heller ikkje av vegen for å kaste seg ut i debattar når menneskeverd blir sett til side.
Ofte får vi også med nokre gode ord, eller fine bilete som kan inspirere, eller gjeva mot i tunge stunder.
Biskop Solveig vil gjerne at alle som vil, skal kunne ta del i hennar offentlege rolle.
Følgj gjerne sida. Kommenter, lik og del. Treffer du biskopen sett vi pris på at du deler bilete gjennom emneknaggen #biskopSolveig.
Velkomen til Biskop Solveig på Facebook.