Håp i tider som er utanom det vanlege

Biskop Solveig skriv at vi må gje kvarandre gode handtrykk på andre måtar no. Eit enkelt handtrykk gjev håp og lyfter menneske.

Alter i Sørskogbygda kirke. Foto: Elisabeth Gjerdingen

Dagane er så annleis, Vi har høyrt om koronaviruset ei tid no, Covid - 19, og vi tenkte at det var synd på alle som er råka av dette. Stakkars dei. Men brått er det her hjå oss òg, og vi er inne i ei tid som er annleis.

Annleis dagar. Dagar der vi held fysisk avstand, men søkjer å halde saman i å lyfte fram gode fellesverdiar knytte til å bry oss om kvarandre. Ikkje minst vera merksame på at nokon treng ein ekstra prat på telefonen eller ei helsing no. Det handlar om å gje eit handtrykk på andre måtar enn det vi gjer til vanleg.

Over heile verda kjenner menneske på utfordringane ved Covid - 19. Og nokon er meir sårbare og utsette enn andre både her heime og elles.

Mange er redde, kjenner dødsangst, kjenner sakn etter det normale, lengt etter det som var.

Fleire av oss er rørt av slike tankar og kjensler. Slik trur eg det var for læresveinane som fylgde Jesus. Dei såg at Jesus reiste menneske opp og at han ikkje gjekk forbi dei utstøytte, men ga mange det handtrykket, det håpet dei trengde. Læresveinane opplevde også at han vart klaga, krossfesta, døydde. Og dei syrgde djupt. Då påskedagen kom, var dei framleis både i sorg og sakn, og eg trur også dei var redde i det som var annleis dagar for dei.

Nokre av kvinnene gjekk til grava. Det dei opplevde der, fylte dei med frykt, men også med stor glede. Kanskje litt i slekt med ein kjenner med eit nyfødt lite liv i hendene. Undring, spenning, skjelving framfor ei ukjend framtid og intens, klar lykke.

Vi kan ha mange tankar om påska og påskeforteljingane. Eg vil lyfte fram det store i Jesu liv, døden hans på krossen og oppstoda hans, kastar lys over tilværet vårt i livet, døden og inn i æva.

Lyset frå Kristus omgjev oss som ein soloppgang. Ja, som ein stille, stille soloppgang som styrkjer tru, håp og kjærleik. I klangen frå det vil eg sitere lyrikaren Arnold Eidslott som snakkar om kor viktig det å søkje ei høgare gjerning. Han seier det er fødsel at to hender møtest. Akkurat no gjev vi kvarandre handtrykk på andre måtar enn elles, men framleis gjeld det som står i diktet.

Håndtrykket.

Gå sakte, menneske

søk en høyere gjerning

Trykk en lidendes hånd

............

Gå sakte og let

etter de rådløses hender

hvert håndtrykk føder en stjerne

Arnold Eidslott

 

Eg ynskjer dykk ei velsigna påske.

Må Gud velsigne og vare dykk.

 

Solveig Fiske

Hamar biskop

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"