- Vondt og trist, seier biskopen

Torsdag morgon kom meldinga om at Dombås kyrkje sto i brann. Ein viktig samlingsstad for bygdefolket er råka, og store kulturhistoriske verdiar har gått tapt.

Slik ser kyrkja ut innvendig etter brannen. Foto: Vidar Heitkøtter/GD

Biskop Solveig Fiske var på visitas i Dovre for berre tre månader sia. - Det er vondt og trist, å sjå bileta frå brannen no, seier ho. 

Dombås kyrkje er teikna av ein av våre fremste arkitektar, Magnus Poulsson. Kyrkja vart bygd i 1939, og er ei korskyrkje bygd i mur med plass til om lag 300 personar. Kyrkja har vernestatus "listeførd" som særleg bevaringsverdig. Dette inneber at ho har særlege arkitektoniske- kunst- og/eller kulturhistoriske verdiar knytt til seg. Interiøret er prega av ein arkitektonisk plan, og er ein viktig del a kyrkjas uttrykk. I 2019 var eit nytt orgel teken i bruk, bygd av Ålems Orgelverkstad AB i Sverige. 

Operasjonsleiar Per Solberg seier til NRK, at brannen truleg har starte i hovudinngangen på innsida av døra. Han seier at kyrkja har store skader innvendig, mykje sot og røykskader. Det er ikkje klart om nokre av verdiane er redda ut av kyrkja.

Brannen er sløkt, men brannvesenet er på staden for å sjå til at det ikkje blussar opp att.

Brannen rører folk

Det er ikkje berre i bygda folk sørgjer over kyrkja som no er råka av brann. Kyrkjeverje Ellen Marit Andgard har fått mange støttemeldingar i løpet av dagen. - Det varmar, seier ho. Ho legg til, at alt av kyrkjelege handlingar så langt det er råd, vil flyttast til Dovre kyrkje. No håpar ho at mest mogleg av utsmykningane og kunsten i kyrkja vil kunne reddast. Dei næraste dagane vil ho få svar.

Også på facebook, er det stort engasjement.

Bjarte Leer-Helgesen bur nå i Kristiansand, men minnast sine to år som vikarprest i Dovre med stor glede. Han var der frå 2010 - 2012. No er han kirkefagsjef i Agder og Telemark. Han gret når han høyrde om kyrkja som brann og skreiv dette diktet: 

Gråt for Dombås kirke
Når en kirke brenner
Gråter ikke bare presten
de ansatte og menighetsrådet
Jeg har vært der selv
Utløst alarmen i en kirke like ved
Bare for å se bygdefolket sprinte over jordene for å hjelpe
Med redsel i blikket og hjerter av gull
Når en kirke brenner
Brenner mer enn bøkene, mer enn kunsten, mer enn bygningen
Når en kirke brenner, gråter bygdekvinnelaget, gråter den som fulgte noen til graven i fjor, den som giftet seg for 40 år siden, den som minnes sin egen dåp.
Når en kirke brenner, gråter den som er der ofte side om side med den som kjører forbi og ber på sin måte
Når en kirke brenner, brenner bygda

Biskopen reiser til Dombås

Biskop Solveig Fiske seier ho no er oppteken av folk på Dombås. - Alle mine tankar og bønner går no til bygdefolket. Å oppleve ein kyrkjebrann gjer noko med oss – det er så mykje historie, tradisjonar og opplevingar knytt til kyrkjerommet. - Dette er berre trist, og det er lov å klage og sørgje over det som har skjedd seier biskopen.

Ho vil vere i nær kontakt med lokalkyrkja i dagane framover. Fredag vil biskopen og kyrkjefagleg rådgjevar ved bispekontoret reise til Dombås.

- Vi vil stå saman med alle som er råka av denne tragedien, seier biskop Solveig Fiske.

Sikring av kyrkjer
Du kan lese meir om arbeidet med sikring av kyrkjer i artikkel frå KA - Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter. Lenke finn du lenger ned på sida.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"