I dagane 5. til 7. og 10. mai var biskopen på visitas i Lom. Tysdag 5. mai starta visitasen i Lom kyrkje kl. 09:00 på morgonen. Avslutningen var og i Lom kyrkje med visitasgudsteneste med barnedåp kl. 11:00 den 10. mai, og kyrkjekaffi med visitasføredrag etterpå.
Det var elles lagt opp til eit program med mangfald. Møter med sokneråd, fellesråd og ansatte på tysdag. Onsdag var det møter med kommuneleiing og lensmann, og biskopen sådde mellom anna korn saman med 6-åringar ved Storstabburet. Dette siste er eit trusopplæringstiltak. Ho møtte og elevane ved Lom vidaregåande skule.Torsdag møtte ho elevar og lærarar ved barnhage og skuler, og besøkte Norsk Fjellmuseum.
Det var program i kyrkjene kvar kveld. Folkemusikkmesse i Garmokyrkja på tysdag. Onsdag var det kveldsmesse i Bøverdal kyrkje med nattverd, og torsdag elevførestilling i Lom kyrkje.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.