Yngres fekk diakoniprisen i Vest-Telemark

Sundag 17. oktober var Kviteseid vertskap for den årvisse diakonisamlinga for Vest- Telemark. Eit høgdepunkt under desse samlingane er utdeling av Diakoniprisen. I år gjekk prisen til Yngres i Vrådal.

Oscar J. Garnes deler ut diakoniprisen i Kviteseid kyrkje til Astrid og Jan Gunnar Breivik (t.v.) og Håkon Birkeland.

Dei tre eldsjelene Astrid og Jan Gunnar Breivik og Håkon Birkeland fekk velfortent applaus for sitt arbeid med å laga eit godt tilbod for dei unge i bygda. Dei tre har halde på helt sidan 1987 då dei skipa yngreslaget i bygda. I dag held dei til på den nedlagte skulen på Straumsnes der barn og unge i alderen 10-15 år får driva med sløyd-aktivitetar og sang, i tillegg til fine turar i nærområdet.

- Dei har gjort ein imponerande innsats gjennom 34 år. Yngresarbeidet i Vrådal er viktig for bygda. Dei bidreg også til å halde aktivitetane i den nå nedlagte skulen oppe, seier Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark. 

Det var 28. gong ein delte ut Diakoniprisen i Vest-Telemark. På samlinga deltok elles kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum med inspirerande tankar og visjonar for framtidas diakoni.

Sidan 1979 har ein  i Vest- Telemark hatt årlege diakonisamlingar. Det heile starta med diakonirådgjevar i bispedømmet, Oddvar Ripegutu, som heldt diakonikurs i kvart prosti. Samlingane dei neste åra styrkte tanken om ei stilling som prostidiakon, og i 1985 vart tanken realisert.  Per Emanuelsen vart landets fyrste prostidiakon.  Sidan 1991 er det Eilev Erikstein som har stillinga.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"