Vandring i Kviteseid

Pilegrim er noko dei fleste religionar har. Det handlar om at bryte opp for å finne noko betre, slik også dagens flyktningar gjer.

Vandring i Kviteseid

Kyrkja i Øvre Telemark har sidan 2017 markert FNs Flyktningdag med ei pilegrimsvandring. Onsdag 15. juni skjedde det i Kviteseid. Det var prosten i Øvre Telemark, Asgeir Sele, og diakonane i prostiet som sto bak invitasjonen.

I år kom vaksenopplæringane frå Seljord og Kviteseid samt prestane og diakonane i prostiet. Frå Kviteseid var også diakoniutvalet med. Seksti menneske vart det til slutt. I alle aldre, fire til åtti.

Etter tre kilometers vandring rundt kyrkja, var alle innbedne til ei lita musikkstund i kyrkja. Organist Olav Holm hadde sett saman eit program som spente frå Ole Paus til songar på ukrainsk. Mona Bøe frå Kirkens Nødhjelp heldt appell og fortalte om krig, konflikt og klimaendringar som gjer at over 100 millionar menneske er på flukt.

- Me har all grunn til å vera takksame for det me har og vera glade me har noko å dele, avslutta Mona Bøe.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"