Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bryllup i det grøne?

Vil du gifta deg utandørs? Her finn du ei liste over gode stadar for utandørs vigsel i Bjørgvin bispedøme, samt retningsliner for bruken av vigselsstadane.

Biskopen har godkjent følgjande plassar i Bjørgvin til utandørs vigsel:

Bergen Domprosti
Kristkirketomten i Bergen Domkirke menighet. Ei gamal kyrkjetomt der det er friluftsgudsteneste kvart år. Bergenhus er grunneiger.

Fløyen i Bergen Domkirke menighet, på amfiet ved Fløybanestoppet. Det er også lang tradisjon for adventsamlinger like ved Fløybanestoppet.

Hagen utanfor kommandantboligen i Gravdal i Laksevåg sokn. Grunneigar er Bergen militære samfunn.

Bergensdalen prosti
Ingen gudstenestestader som naturleg utpeikar seg.

Fana prosti
Fana amfi i Fana sokn. Like ved Fana kyrkje og tusenårsstad for Bergen. Vert nytta til friluftsgudstenester.

Lysekloster i Os sokn. Kloster- og kyrkjeruin. Grunneigar er Georg von Erpecom jr. i Bergen.

Marstein fyr i Austevoll kommune. Panorama Hotell har drifta.

Hardanger og Voss prosti
Olavskross i fjellet mellom Granvin og Bordalen i Voss sokn i Voss prestegjeld. Det er fast gudstenestestad. Det er segner om at Olav Haraldson i 1023 for denne vegen frå Hardanger til Voss og sette opp ein kross. Steinkrossen som no står på Stølen Krosset er reist i det 20. århundre. Grunneigar er Voss kommune.

Vinje gamle kyrkjegard i Vinje sokn i Vossestrand prestegjeld. Det er ein freda mellomalderkyrkjegard med tuft etter mellomalderkyrkje. Der har vore friluftsgudstenester med ujamne mellomrom og det har vore vigslar der.

Oppheim gamle kyrkjegard i Oppheim sokn i Vossestrand prestegjeld. Det er ein freda mellomalderkyrkjegard med tuft etter mellomalderkyrkje som vert bruka til friluftsgudstenester.

Agatunet i Utne sokn i Ullensvang prestegjeld. Der er årleg friluftsgudsteneste. Det var eit lite huskapell der frå mellomalderen og fram mot fyrste del av 1800-talet. Det har vore spørsmål om vigsel der. Grunneigar er Agatunet Stiftelsen Museet.

Hereiane i Jondal sokn i Ullensvang prestegjeld. Det er Jondal kommune sin tusenårsstad og det har vore friluftsgudsteneste dei to siste åra. Grunneigar er Vegvesenet.

Skredhaugen museumstun som tilhøyrer Hardanger og Voss museum er godkjent som fast vigselsplass.

Prestesteinen på Nesheimsfjellet i Voss sokn. Prestesteinen vart reist etter at presten Borch omkom på fjellet for 100 år sidan, og er såleis ein minnestein, men er også ein stad der kyrkjelyden samlast til friluftsandakt/gudsteneste. 

Nordfjord prosti
Selje kloster i Selje sokn i Selje prestegjeld. Det er ei klosterruin med fleire kyrkjeruinar Albanuskyrkja på sjølve klosterområdett og Sunnivakyrkja utan Sunniva hola som også vert kalla Michaelskyrkja. Det vert jamnleg halde friluftsgudstenester der og det har vore vigsel der før. Grunneigar er Opplysningsvesenets fond.

Grotlesanden i Bremanger, ei ca.700 meter lang sandstrand ved bygda Grotle.

Nordhordland prosti
Håkonshaugen på Seim som ligg nokre hundre meter frå Seim kyrkje tett ved Borgstova. Sagnet seier at Håkon den gode vart hauglagt der, men dette er problematisert av fagfolk. Det er bygd utearena med altar og kross og det er høve til å setja fram benkar. Håkonshaugen er Lindås kommune sin 1000-årsstad og det har vore friluftsgudsteneste der fleire gonger. Det er stiftinga Håkonshaugen som eig området.

Gulatinget på Flolid i Gulen sokn i Gulen prestegjeld. Historisk stad, men ikkje kyrkjetomt. Utsmykka med moderne krossymbol fordi det er tusenårsstaden i Gulen.

Utvær kyrkjestad i Solund sokn i Solund prestegjeld. Her var kapell frå mellomalderen og fram til 1717. Der har vore gudsteneste med ujamne mellomrom og det var ein vigsel der i 2000.

Sogn prosti
Aurdalen kyrkjegard på Østerbø i Vangen sokn i Aurland prestegjeld. Det er ein kyrkjegard som ikkje er i bruk, 900 meter over havet utan hus eller kyrkjetårn, men med ein kross i inngangsportalen. Det er friluftsgudstenester der årleg i samband med Aurlandsmarsjen.

Tungestølen på Veitastrond i Hafslo sokn i Luster. Har i mange år vore brukt til gudstenestestad i samband med indremisjonsstemne. Grunneigar er grunneigarlaget.

Skåri, Utladalen landskapsvernområde, Årdal. Området har vore nytta til friluftsgudstenester dei siste 14 åra. Grunneigar Arnt Otto Øygarden og stiftinga "Utladalen naturhus" har ansvar for området.

Sunnhordland prosti
Halsnøy kloster i Eid sokn, Fjelberg prestegjeld. Ei kloster- og kyrkjeruin kor det også har vore årlege friluftsgudstenester. Sunnhordland museum er grunneigar.

Kaldestad gamle kyrkjestad i Husnes og Holmedal sokn. Ein kyrkjegard med ein steinkross som hadde kyrkje fram til 1874. Det er årleg krossmesse ved steinkrossen. Kvinnherad kyrkjelege fellesråd er grunneigar.

Holmedal gamle kyrkjestad i Husnes og Holmedal sokn som hadde kyrkje fram til 1882. Det er årleg friluftsgudsteneste der. Grunneiar er Kjell Tore Holmedal.

Ryvarden fyr i Sveio sokn. Det er jamleg friluftsgudstenester ved fyret, og minnemarkeringar ved bautaen for Sleipnerforliset. Grunneigar er Sveio kommune.

Moster Amfi i Moster sokn, Bømlo. Amfi på kyrkjehistorisk grunn. Vert nytta til gudstenester 17. mai, pinse og ved andre høve. Vert forvalta av Moster Amfi A/S.

Smedholmen i Fitjar sokn, ei øy i statleg eige ein kort båttur frå Fijar sentrum.

Rydladssaga i Fitjar sokn, ein tidlegare stemnestad på grensa mellom Fitjar og Stord kommunar.

Vidstensparken på Leirvik i Stord sokn, som er eigd av Stord kommune. Seminarhagen i Stord sokn, parkområdet rundt Høgskulen på Stord (HSH) som er eigd av Statsbygg.

Meåsen på øya Huglo i Stord sokn i Stord kommune. Grunneigar er Anne Brandvik Nilsen og Odd Einar Nilsen.

Hatlevik bedehus på øya Ålforo i Fitjar sokn. Huset er ikkje i drift lenger, men i mange år har ein samla fleire hundre til den årlege Hatlevik-basaren i og rundt Hatlevik bedehus.

Sunnfjord prosti
Steinkrosse i Korssund i Dale sokn, Fjaler prestegjeld. Det er det største keltiske steinkrossen frå den fyrste kristne tid i Noreg med tradisjonar knytt til Olav den heilage. Det har vore gudstenester der på 16- og1700-talet og no er det friluftsgudstenester der bl.a. på Olsok. Grunneigar er Korssund handel, Idar Skår

St. Olavskrossen på Svanøy i Kinn sokn i Kinn prestegjeld. Krossen står inne på ein kyrkjegard som er i aktiv bruk. Det var ei kyrkje som vart riven på 1800-talet. Det er gudstenester der ein eller fleire gonger i året.

Stavkyrkja i Ortnevik. Kyrkja er eigd og bygd av ein privatperson, Anders Brekke og er ikkje vigsla, men har vore nytta til gudsteneste. Sørebø gard, grunneigar Geir Sørebø.

Kvernsteinsparken i Hyllestad, ein kulturpark ved eit av Hyllestad sine gamle hogstfelt for kvernstein. Hogstfeltet er eit nasjonalt kulturminne. Parken er nytta til friluftsgudsteneste og i 2010 vart det reist ein nyhoggen steinkross der. Grunneigar er Hyllestad kommune.

Vesthordland prosti
Mizpa stemnestad i Strusshamn sokn i Askøy prestegjeld som vart vigsla til stemnestad i 1909 og nytta til årlege storstemner før. Det er gudsteneste kvar Kristi himmelfartsdag. Grunneigar er Follesø bedehus.

Kyrkjesteinane på Tyssøy i Sund sokn i Sund prestegjeld. Kyrkjesteinane er ruinane etter eit St.Ludvigskapell reist av Håkon 5. Magnusson (1290-1319) før 1305, då det var kongsgard på Tyssøy. Det har sidan 1973 vore ei årleg friluftsgudsteneste på den gamle kyrkjestaden i august. Det har vore vigsel der før. Grunneigar er Sund kommune.

Friluftsområdet i Kollevåg i Tveit sokn. Det er ei grasskledd slette med strandlinje og vatn i bakkant, lett tilgjengelig og åpent for alminnelig ferdsel. NLM Askøy pleier å ha sin årlige St.Hans-fest her.

Åsane prosti
Ingen gudstenestestader som naturleg utpeikar seg.


Om bruken av vigselsstadane
I dei allmenne føresegnene i vigselsliturgien står det i punkt 3: "Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel".

Biskopen har delegert godkjenning av vigsel utanom kyrkjehuset til prostane. Dersom lokal sokneprest og prost meiner at staden er egna til vigsel kan prosten godkjenna. For godkjende stader treng det ikkje søkjast på nytt. For nye stader kan par søkja via lokal sokneprest til prosten. Det er eit krav at det er ein egna stad og at lokale prestar går inn for det. Skiljet mellom privat og kommersiell grunn er oppheva, men ein må ha løyve frå grunneigar. Reglane er dermed mjuka opp i forhold til det som tidlegare gjaldt og opnar for at ein kan vera imøtekomande innanfor rimeleg arbeidstid. 

Prestar som skal ha ei vigsel utanom kyrkja må ha avklaring frå med prosten. Prosten må vurdera arbeidstilhøva for presten og kor mykje arbeidstid prestane kan bruka på vigsler utanom kyrkjehuset. Det vil t.d. vera avgjerande om det går ut over kor mange vigsler presten kan ha på ein tenestedag.

Presten er som vigslar bunden til å bruka godkjent vigselsliturgi slik den er vedtatt av Kyrkjemøtet og kan ikkje avvika frå den, jfr. ekteskapslova § 12.

Brudeparet må dekka ekstrakostnader for presten. Presten har ikkje høve til å bruka meir bunden arbeidstid enn vanleg for vigslar utanom kyrkja om det ikkje er pålagt av prosten. Ein kan difor krevje at brureparet dekkar ekstrakostander for vigsler utanfor alminneleg vigslingstid, samt kostnadar til reise om vigsla vert helden andre stadar enn på kyrkjestaden.

Prestar har høve til å ta betalt for utansokns vigsel for brudepar som bur utanfor tenestedistriktet, jfr. Tjenesteordning for menighetsprester §§ 17 og 18. Presten må i så fall informera brureparet i god tid. samt gje dei faktureringsskjema.

Kyrkjeleg fellesråd sine plikter til å legga til rette fell bort når vigselen er utanom kyrkja, det er brudeparet som er ansvarleg for det praktiske inkludert musikk og liknande. Når det gjeld vigsel i kyrkja har fellesråd høve til å ta betaling for brudepar som ikkje er busette i kommunen, jfr. «Reglar om betaling for bruk av kyrkja».

Når det gjeld vigsler som prosten har sett inn i sin arbeidsplan for prestane i prostiet, har prosten ansvar for, om mogeleg, å skaffa vikar dersom den oppsette presten ikkje kan.