Bispedømerådsmøte 8. desember 2014

Bjørgvin bispedømeråd har vore samla til møte 8. desember for å tilsetja prest i tre stillingar, drøfta bruk av ressursar både på kort og langt sikt og oppnemna representantar til ulike råd og til den nystifta foreininga Kirkelig dialogsenter Bergen.  Rådet har slått saman tre sokn i Lærdal og møtt ungdomsrådet i Bjørgvin.

 Bispedømerådet gjorde vedtak om å slå saman sokna i Lærdal til eitt sokn. Her er konfirmantar frå Lærdal samla til venskaps- og vandringshelg saman med konfirmantar frå Aurland. Foto: Ellen Veum

Tilsetjingar
Bjørgvin bispedømeråd har i møte 8. desember tilsett: Spesialprest i Bergen domkirke menighet:Hildegunn Isaksen, sokneprest i Vikøy sokn, Hardanger og Voss prosti: Roar Strømme og sokneprest i Søreide sokn, Fana prosti:Gunnar Mindestrømmen.

Nasjonal kyrkjeleg pilegrimskonferanse
Det skal arrangerast ein nasjonal kyrkjeleg pilegrimskonferanse i Selje 5. – 7. juni 2015. Det er Kyrkjerådet sitt utval for pilegrimsarbeid som har teke initiativ til konferansen og Bjørgvin bispedømeråd og Selje kommune blir medarrangørar. 

Omstilling
Med dei omstillingane som ligg framfor Den norske kyrkja i dei komande åra, har kyrkjerådet sin administrasjon bede bispedømet om eit økonomisk bidrag til det arbeidet som må gjerast for å førebu omstillingar. Bispedømerådet sitt bidrag vil i hovudsak vera medarbeidarar og kompetanse. Bjørgvin bispedøme er allereie tungt inne inne i fleire utval og arbeidsgrupper. Kyrkjerådet ber også om støtte til eit rekrutteringsprosjekt. Bjørgvin bispedøme vil bidra med samarbeid mellom eventuelle nasjonale ressursar og Bjørgvin sitt rekrutteringsprosjekt knytt til Ung katedral og den ekstra presteressursen som er sett inn der.

Endring i beredskapsområda
Bispedømerådet gjorde ei vurdering av inndelinga av nokre av beredskapsområda i bispedømet. Laksevåg beredskapsområde vert lagt ned og går inn i berdskapsområda i Fana prosti og Domprostiet. Dei to beredskapsområda i Nordfjord prosti blir endra til eitt.

Fordeling av presteressursar
Fordeling av presteressursar mellom tettbyde og grisgrendte strøk eit tilbakevendande tema for bispedømerådet. I møtet gjorde rådet vedtak om at det for mindre sokn (under 3200 medlemer) vil bli lyst ut ledige prestestillingar på ein slik måte at det blir minimum tre månader vakanse og normalt seks månader. Vidare signaliserer rådet at det blir starta eit arbeid med å gradvis redusere med eitt årsverk i Hardanger og Voss prosti.
I dei tettbygde prostia Fana, Vesthordland og Arna og Åsane vil det bli oppretta tre stillingar som prostiprest. Stillingane vil bli lyste ut internt og vil få adminstrativ tilsetting.

Årsplan og budsjett – førebels
Årsplanen for Bjørgvin bispedømeråd 2015 er under planlegging, og eit førebels utkast vart lagt fram for bispedømerådet som fekk høve til å koma med merknader både til planframlegget og framlegg til budsjett.

Midlar til diakonale tiltak
Bispedømerådet forvaltar statlege tilskot til stillingar og avtalar knytt til undervisning og diakoni i kyrkjelydane. Eit eventuelt mindreforbruk blir fordelt ved slutten av året. På grunn av mange og lange vakansar var det i år om lag 974 000 kr til slik fordeling. Bispedømerådet gjorde vedtak om å løyva midlar som delfinansierer gateprest i Kirkens bymisjon, midlar til Kirkens SOS, KIA Bergen, konfirmantprosjektet i St. Jakob, Bjørgvin diakonikonferanse 2014 og fleire av diakonstillingane i bispedømet.

Soknesamanslåing
Bjørgvin bispedømeråd gjorde vedtak om å slå saman Hauge, Tønjum og Borgund sokn til eitt sokn frå 1. januar 2015. Namnet på det nye soknet vert Lærdal sokn. Dei tre sokna har heilt frå 1. januar 2006 hatt ei prøveordning med felles sokneråd. Det medførte m.a. tre val til eitt sokneråd.

Oppnemningar

Styret i Bjørgvin Kirkelige fond
Erik B. Hjort og Jan Ove Fjelltveit for eitt år (2015). Ola Grytten, Atle Sylvarnes og Asgeir Remø for to år (2015-16).

Kirkens Nødhjelps representantskap
Bjørgvin bispedømeråd oppnemnde Ivar August Bye som medlem i Kirkens Nødhjelp sin representantskap. Varamedlem: Hege Feet Askvik.

Foreininga Kirkelig dialogsenter Bergen (KDB)
Misjonsorganisasjonen Areopagos og Bjørgvin bispedømeråd har sidan 2011 samarbeida om prosjektet «Religionsdialog i Bergen». Den 17. november 2014 vart dette samarbeidet gjort om til ei sjølvstendig foreining, «Kirkelig dialogsenter Bergen (KDB)». Målet er å skape kontakt, samhandling og dialog mellom ulike trus- og livssynssamfunn, bidra til å byggje det livssynsopne samfunnet der prinsippet om likeverd, djupare forståing og gjensidig respekt er grunnleggjande.
Bispedømerådet godkjende vedtaket i stiftingsmøtet og oppnemnde følgjande representantar i styret: Jan Otto Myrseth, personleg vara Hans Jørgen Morvik og Magli Sofie Økland, personleg vara Gudmund Waaler.

Møtet i bispedømerådet vart avslutta med eit møte og middag med Ungdomsrådet i Bjørgvin.

Sakliste
Godkjenning av innkalling og sakliste
Godkjenning av møteprotokollen frå 20.10.14
Sentrumsprest Bergen domkirke menighet, Bergen Domprosti
Sokneprest i Vikøy sokn, Hardanger og Voss prosti
Sokneprest i Søreide sokn, Fana prosti
Nasjonal kyrkjeleg pilgrimskonferanse i Selje 5.-7.juni 2015
Behov for økonomisk ressurs til omstilling og rekruttering - Kyrkjerådet
Endring av beredskapsområde og ny vurdering av presteressursar
Årsplan 2015 - midlertidig
Budsjett 2015 - midlertidig
Fordeling av ubrukte midlar post 77
Samanslåing av sokn , Lærdal
Oppnemning Bjørgvin kyrkjelege fond
Oppnemning Kirkens Nødhjelp
Oppnemning Bergen Kirkelige dialogsenter
Referat- og orienteringssaker
Møte med Ungdomsrådet

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"