Dei økonomiske utfordringane er den første motbakken det nye bispedømerådet møter i sin fireårsperiode. Det ligg an til eit underskot på over sju millionar kroner, og bispedømerådet fekk difor på bordet ulike tiltak for å spara utgifter.
Bispedømerådet drøfta tiltaka og vil arbeida vidare med dette fram mot neste møte 19. april. Då er målet å fatta vedtak om naudsynte kortsiktige tiltak og starte arbeidet med langsiktige grep.
– Dette arbeidet vil skje i tett kontakt med dei tillitsvalde, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit.
Trass i den vanskelege økonomien, tilsette bispedømerådet to prestar. – Nordfjord og Sunnfjord prosti har ein pressa personalsituasjon. Sjølv om vi må spara pengar og det kunne vera aktuelt å la stillingar stå ledige, har bispedømerådet vedteke å tilsetja nye prestar. Begge prostia vil likevel ha minst ein vakanse kvar i året som kjem, seier stiftsdirektøren.
I stillinga som sokneprest i Nordfjord prosti med Eid og Stårheim sokn som tenestestad vart Øystein Mathisen tilsett.
I stillinga som spesialprest i Sunnfjord prosti med Førde sokn og Holsen og Haukedalen sokn som tenestestad vart Erling Nydal tilsett.
Sakliste
Godkjenning av innkalling og sakliste
Godkjenning av møtebok
Innsparingstiltak i møte med økonomiske utfordringar
Tilsetting av sokneprest i Nordfjord prosti med Eid og Stårheim sokn som tenestestad
Tilsetting av Spesialprest for unge med Førde sokn og Holsen og Haukedalen sokn som tenestestad