Egyptseminar med biskop Thomas og Eyvind Skeie

Høyr førelesing med biskop Thomas frå Egypt om "Luther sett med ortodokse augo". Eyvind Skeie fortel om "Kva eg fann i Egypt".

Biskop Thomas er koptisk-ortodoks biskop i Egypt. Han driv blant anna eit stort retreatsenter eit kurssenter der ubemidla, koptisk ungdom frå Øvre Egypt får yrkesretta trening og hjelp til å klare seg i samfunnet. Foto: Pål Brenne

Seminaret som blir halde i Johanneskirken fredag 27. oktober kl. 12.00 - ca 14.30 blir opna av biskop Halvor Nordhaug. Det blir tid til spørsmål og samtale etter kvar føredrag.

Biskop Thomas frå den koptiske kyrkja i Egypt er Norges-ven og mangeårig partner for Stefanusalliansen. Hans modige arbeid vekkjer oppsikt. No kjem biskopens refleksjonar i bokform, ført i pennen av Eyvind Skeie. I boka «I kjærlighetens sirkel» (Luther forlag) løfter biskopen opp fattige unggutar og krenka kvinner. Han fortel om krossens teologi og livet i ei levande kyrkje under press. Møt ein som veit kva kamp er. 

Gratis inngang

Arrangør er Stefanusalliansen og Bjørgvin bispedøme. 

Fredag kveld kl. 19.00 er det kveldsmøte med biskop Thomas og Eyvind Skeie i Skjold kirke. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"