Målgruppe: Dette er for alle som har tiltak eller arrangement som dei vil marknadsføre eller informere om. Konferansane fokuserer på arbeid med trusopplæring, men er nyttig for alle som arbeider i kyrkja. Dette er aktuelt for prostar, kyrkjeverjer, kyrkjemusikarar, prestar, kateketar, kyrkjelydspedagogar, diakonar, kyrkjelydsbladsredaktørar osv.
KONFERANSEN I BERGEN
Kurshaldarar: Magne Supphellen, professor i marknadsføring, NHH, Norges Handelshøyskole og Hauge School of Management, NLA.
Oddbjørg Aasen Bjørdal er journalist med erfaring frå NRK Dagsrevyen, som leiar for NRK sine religiøse TV-program og faktasjef i NRK. Bjørdal har vore informasjonssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune og høgskulelektor i journalistikk ved Gimlekollen mediehøyskole og arbeider som kommunikasjonsrådgivar.
Ann Helen Frivold er cand.scient. Erfaring med omdømmebygging, PR og marknadskommunikasjon frå farmasøytisk industri og Søndagsskolen Noreg. Initiativtakar og prosjektleiar for Tårnagentene og arbeider no som konsulent innan kommunikasjon og marknadsføring.
Arrangør: Bjørgvin bispedømeråd i samarbeid med firmaet Himmelhøyt.
Stad: Hotel Scandic Bergen City, Håkonsgaten 2-7, 5015 Bergen
Program onsdag 1. oktober, kl. 09:30 - 16:15
09:30 Registrering og kaffi
10:00 Konferansen startar
10:15 Prof. Magne Supphellen: Korleis marknadsføre kyrkja generelt og trusopplæring spesielt? Samtale, spørsmål og kommentarar
11:30 Lunsj
12:15 Oddbjørg Aasen Bjørdal: Korleis kome på talefot med media om kyrkja og trusopplæring. Samtale,spørsmål og kommentarar
13:30 Pause - kaffi / frukt
14:00 Ann Helen Frivold: Marknadsføring av trusopplæring, noko for heile staben? Samtale,spørsmål og kommentarar
15:15 Info om nye nettsider for DNK
16:15 Slutt
Program torsdag 2. oktober, kl. 09:00 - 15:15
09:00 Ann Helen Frivold: Korleis lage ein kommunikasjonsplan? Plenumsforedrag
09:45 Gruppearbeid nr. 1: Vi lagar kommunikasjonsplan for aktuelt arrangement eller tiltak
10:45 Pause med kaffi og frukt
11:00 Rapport frå alle smågruppene i plenum
11:15 Oddbjørg Aasen Bjørdal: Korleis formulere bodskap som utfordrar og beveger? Om val av ord og uttrykk, og metodar for arbeidet. Plenumsforedrag
12:00 Lunsj
12:45 Gruppearbeid nr. 2: Vi samlar informasjon og redigerer til artiklar og nyhendemeldingar.
13:45 Rapport frå alle smågruppene i plenum
14:00 Vel foredrag / seminar
A. Oddbjørg Aasen Bjørdal: Korleis møte media ved konfliktar og kriser?
B. Elizabeth Bovoli og Jens Z. Meyer: Om layout og innhald på nett og lokale brosjyrar.
(kaffi / frukt står framme under seminara)
14:45 Oppsummering og evaluering
15:15 Konferanseslutt
Nokre få ledige plassar.
Pris: Kroner 1325,-
Rabatt: Kyrkjelydar i Bjørgvin får redusert pris når det vert sendt meir enn ein deltakar frå eit sokn. Då betalar ein kr 800,- per deltakar utover den første deltakaren. Prisen inkluderer konferansen og lunsj begge dagar. Redusert pris føreset deltaking på heile kurset. Det er maks. plass til 80 deltakarar. Derfor vil prisen vere kroner 1325,- også om ein deltek berre fyrste dag. Reise og opphald må deltakarar ordne sjølv.
Bjørgvin bispedømeråd og Bergen Kirkelige fellesråd vil særleg oppmode dei kyrkjelydane som nett har fått trusopplæringsmidlar til å delta.
For prestar tilsette av Bjørgvin bispedømeråd: Kursavgifta vil bli refundert etter rekning. Reise etter rimelegaste sats. Reiserekning må leverast innan 1. november. For prestar i Hordaland med lang reiseveg, vil det bli gjeve tilbod om overnatting på inntil kroner 810,-. Dette må avtalast med bispedømekontoret. Overnatting kan deretter ordnast direkte med Terminus eller Augustin på bispedømet sin avtale.
Dekning av kostnader føreset deltaking på heile kurset. Prestar i Sogn og Fjordane kan delta på konferansen, men får berre dekt reise etter rimelegaste sats. Sjå informasjon om konferansen i Førde via link nedanfor.