Ny dialogprest i Bergen

Kyrkjeleg dialogsenter Bergen har fått ny leiar. Marianne Bergsjø Gammelsæter tok til som ny dialogprest i midten av august.

Marianne Bergsjø Gammelsæter er ny dialogprest og dagleg leiar ved Kyrkjeleg dialogsenter Bergen

– Akkurat no er dialogarbeidet lokalt i kyrkjelydane og nærmiljøet brennaktuelt i møte med flyktningesituasjonen, sier den nye dialogpresten. – Dialogsenteret vil gjerne bidra til å motivere og engasjere for meir dialog lokalt i kyrkjelydane. Eigentleg har vi vel ikkje noko val, viss vi skal leve godt saman i lokalsamfunnet. Men dialogarbeidet er langt viktigare enn berre noko kyrkja skal ty til når det oppstår ein krevjande situasjon, legg ho til. Det handlar om korleis vi møter andre menneske som tenkjer og trur litt annleis enn eg. Det er ei viktig og spanande "øving" også i møte med søkjande menneske og dei som har ei anna spirituell erfaring.

Dialogsenteret sine oppgåver

– Dialogsenteret arbeider langs "to spor": "Dialogsenteret skaper rom for kristen spiritualitet, og arbeider for ein konstruktiv dialog med andre trus- og livssynssamfunn". Etter tragedien i 2011 var Dialogsenteret ein pådrivar for å etablere STL (Samråd for tros- og livssyn) i Bergen.  Dette arbeidet har vist seg å ha stor verdi som brubyggjar i arbeidet med å byggje ned frykt for andre si tru og kultur. Det gjeld både i nærmiljøet og mellom leiarane i trus- og livssynssamfunna i Bergen, seier Gammelsæter.

Kyrkjeleg dialogsenter i Bergen vart oppretta i 2011 med støtte frå Bjørgvin bispedømeråd og organisasjonen Areopagos. Religionsvitar Yvonne Wang har dei to siste åra vore tilsett som dialogmedarbeidar. Senteret har tett samarbeid med dei kyrkjelege dialogsentra i Oslo og Stavanger.

Yvonne Wang har utarbeida eit skuleopplegg for ungdomstrinnet og vidaregåande med fokus på ulike religionar og livssyn i Bergen. Dette kan saman med andre ressursar lastast ned frå nettsida til Kyrkjeleg dialogsenter Bergen (sjå lenke nede på sida).

Dialogsenteret ønskjer også å vere ein open stad for samtale og dialog i kvardagen. Når senteret i oktober flyttar til Mariastuene vis à vis Mariakirken, vil dei månadlege kveldsmessene foregå i Mariakirken. På torsdagane mellom kl.11-13 blir det  "Open lunsj" i Mariastuene med høve til samtale/dialog og ein enkel tidebøn/meditasjon.

– Vi vil også gjerne bidra til at det blir etablert fleire dialoggrupper ulike stader i Bjørgvin, gjerne at kyrkja tek initiativ. Her kan vi bidra med ressursar og vere drahjelp, seier Gammelsæter.

Den nye dialogpresten legg vekt på at det i vår tid er avgjerande at vi får til opne samtalar om tru og livssyn. – Vi må hjelpe kvarandre både innanfor og utanfor kyrkja til å vere lyttande og lærande. Vi må også ha reiskapar så vi kan arbeide med vår eigen frykt for det som er annleis, seier Marianne Bergsjø Gammelsæter.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"