Det er direkte val av medlemer til nytt bispedømeråd 9. september 2019. Medlemene i bispedømerådet er også Bjørgvin sine delegatar til det årlege kyrkjemøtet for Den norske kyrkja. Val av sokneråd er same dagen.
Det kan bli fleire lister over vanlege, leke medlemer til bispedømerådsvalet. Ein nominasjonskomite med eitt medlem frå kvart prosti skal setja opp ei liste. Denne er basert på forslag frå sokneråda, frå ungdomsrådet i bispedømet og frå medlemene av nominasjonskomiteen. I tillegg kan andre grupper fremja lister. Fristen for alle listene er 30. april, men fristen for sokneråda om å foreslå kandidatar, er 1. mars. Vallistene skal innehalda medlemer frå minst tre prosti, minimum 40 prosent kvinner eller menn og minimum 20 prosent kandidatar under 30 år.
Prestar og lek tilsette i bispedømet skal setja opp ei liste kvar som prestane og dei lek tilsette kan stemma på. Dei tilsette har ikkje stemmerett ved valet av leke (vanlege medlemer) til bispedømerådet. Også prestane og lek tilsette har frist 1. mars for å føreslå kandidatar.
Sjå lenker nedst på sida for å foreslå kandidatar.