Av alle sokneråda i Bjørgvin, var det 9 som ikkje røysta. Totalt 1091 røystesetlar vart talde, 42 vart forkasta. Av dei godkjende røystesetlane er 67 uretta og 1028 retta.
Desse vart valde i indirekte valomgang av sokneråda:
- Marius Økland (29), Bremnes, adminstrasjonsleiar
- Berit Nøst Dale (63), Meland, høgskolelektor
- Ida Lindøe (48), Ålvik, lektor
I direkte valomgang 14. september vart desse valde:
- Nora Sætre Baartvedt, (21), Voss, student.
- Karl Johan Kirkebø, (65), Bønes, marknadsdirektør.
- Vemund Atle Øiestad, (67), Stryn, tannlege.
- Inger Helene Thingvold Nordeide, (54), Førde, sjølvst. næringsdrivande.
Varamedlemer
Første vara er den med flest røyster som ikkje vart medlem etter direkte valomgang. Andre vara er den med flest røyster som ikkje vart medlem etter indirekte valomgang. Tredje vara er neste kandidat på lista etter direkte valomgang osb.
1. vara: Egil Morland, (65), Fjell, førsteamanuensis.
2. vara: Liv Rønningen Ågotnes (48), Fjell, TSP Group Manager and SystemAdministrator
3. vara: Andreas Skeidsvoll (23), Osterøy, student
4. vara: Per Hilleren (56), Stedje, bonde
5. vara: Inge Wilhelm Økland (27), Sandviken, barne- og ungdomsarbeidar
6. vara: Gunn Ragnhild Vårdal Helgesen (59), Selje, sjølvstendig næringsdrivande
7. vara: Bjørn Sandvik Sølsnes (20), Leikanger i Sogn, student
Det er òg valt eit lekt kyrkjeleg medlem mellom dei tilsette i fellesråda i bispedømet og ein prest mellom dei tilsette prestane i bispedømet. Biskopen er fast medlem av bispedømerådet.
Lek kyrkjeleg tilsett medlem
- Medlem: Beate Husa, (44) Sund, kyrkjeverje. 154 røyster.
- Varamedlem: Arne Tveit, (53) Bergen kyrkjelege fellesråd, Kyrkjebyggsjef. 138 røyster.
Geistleg medlem (prest)
- Medlem: Ivar Braut, (59) Birkeland, sokneprest. 90 røyster.
- Varamedlem: Kjersti Brakestad Boge, (42) Voss, kapellan. 47 røyster.
I Bjørgvin bispedøme har 13,4 % av 394453 medlemer i Den norske kyrkja røysta i direktevalet av leke medlemer til bispedømeråd / Kyrkjemøtet. Dette er ein auke frå valet i 2011 då 11,12 % røysta ved bispedømerådsvalet.