Ho er fødd i 1961 og er sjølvstendig næringsdrivande innan arbeidspsykologi.
Nordeide har forska på arbeidsmiljøet i kyrkja, og var medforfattar av boka "Jeg er jo ikke Jesus heller - om arbeidsmiljø i den norske kirke". Ho bur i Førde i Sunnfjord der ho er aktiv i lokalkyrkja, medlem av gudstenesteutval, kyrkjekor og har ulike frivillege verv.
Leiar i Bjørgvin bispedømeråd
Inger Helene Thingvold Nordeide har vore leiar av Bjørgvin bispedømeråd sidan 2012.

Inger Helene Thingvold Nordeide underviser prestestudentar på ordinasjonssamling. FOTO: Bård Haukedal