Bispedømerådet sine oppgåver

Bispedømerådet skal ha si merksemd på alt som kan bli gjort for å vekke og nære det kristelege livet i kyrkjelydane.

Det valde bispedømerådet har møte rundt åtte gongar i året.

Føremålsparagrafen til bispedømerådet finn vi i Kirkeordning for Den norske kirke, § 26:
"Bispedømmerådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i menighetene, og det skal fremme samarbeidet mellom de enkelte menighetsråd og andre lokale arbeidsgrupper innen bispedømmet."

Bispedømerådet: 
• er strategisk organ for kyrkja i Bjørgvin
• leier regionale fellestiltak
• gjev fagleg støtte og rettleiing til sokna
• er bindeledd mellom nasjonale og lokale kyrkjelege organ
• tilset prostar
• fordeler presteressursar
• sørger for inspirasjonssamlingar for sokneråda

 

Vekke og nære kristeleg liv

Bispedømet blir leia av to organ, biskopen og bispedømerådet, med felles administrasjon på bispedømekontoret i Bergen.

Bispedømerådet skal ha si merksemd på alt som kan bli gjort for å vekke og nære det kristelege livet i kyrkjelydane. Rådet skal òg fremje samarbeid mellom dei enkelte sokneråd og andre lokale arbeidsgrupper innan bispedømet (jf. Kirkeordning for Den norske kirke, § 26).

Bispedømerådet fordeler statlege tilskot til trusopplæring og særskilte stillingar innan kyrkjeleg undervisning og diakoni. Bispedømerådet kan opprette og legge ned stillingar innanfor tildelt ressursramme. Bispedømerådet hadde fram til utgangen av 2023 ansvar for å tilsetja prostar, kyrkjelydsprestar, studentprestar og fengselsprestar. Frå 2024 tilset bispedømerådet berre prostar. Andre tilsetjingar skjer i eit tilsetjingsråd der prosten, ein representant for stiftsdirektøren, ein representant for soknerådet og ein tenesterepresentant for prestane er med.

Bispedømerådet er arbeidsgjevar for dei tilsette på bispedømekontoret.  

Biskopen leier prestetenesta og har tilsynsansvar med kyrkjelydane og tilsette. 
Bispedømerådet og biskopen har lagt til grunn dei mål og føringar som er gitt av Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet. Visjonsdokumentet og årsplan for Bjørgvin bispedøme ligg også til grunn for verksemd og aktivitetar. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"