Bjørgvin bispedømeråd 4. juni 2015

Bjørgvin bispedømeråd var samla til møte 4. juni. På saklista stod mellom anna tilsetjing i tre prestestillingar, fordeling av utjamningsmidlar for trusopplæring og fordeling av diakonimidlar.

Bjørgvin bispedømeråd var samla til møte 4. juni. På saklista stod mellom anna tilsetjing i tre prestestillingar, fordeling av utjamningsmidlar for trusopplæring og fordeling av diakonimidlar.

Bispedømerådet tilsette følgjande prestar:

Sokneprest i Nordhordland med sokna i Gulen, Masfjorden og Solund som tenestestad:

Jens Linde.

Sokneprest i Jondal og Utne sokn:

Carsten Mrusek.

Sokneprest i Samnanger sokn:

1. David Vogel

2. Raymond Cato Torsvik

Utjamningsmidlar – trusopplæringsmidlar

Kyrkjerådet løyvde seinhaustes i fjor utjamningsmidlar til trusopplæringsreforma. Noko vart fordelt etter søknad, resten vart overført til 2015. Årsaka til at ein har fått utjamningsmidlar er for å korrigere for utilsikta ulikskapar i tildelinga. Det kan vere endring i medlemstal, soknegrenser, kompensasjon for krevjande geografi eller demografi, fellestiltak over sokne- eller fellesrådsgrenser, eller som ved tildelinga vi fjor haust kan noko av tilskotet gå (etter søknad) til tidsavgrensa prosjekt innan tilrettelegging, i møte med særskilde utfordringar, lokale utviklingstiltak og liknande.

Vedtak:

a)      Utjamningsmidlar for 2015-2017 (kr 480.000)

1.       Einingar med tildeling under kr 120.000 får kr 30.000 ekstra. 3*30.000= 90.000 (Eidfjord, Jondal, Ulvik/Granvin)

2.       Einingar med tildeling under kr 210.000 får kr 20.000 ekstra. 8*20=160.000 (Løvstakksiden, Sandviken, Årstad, Fjaler, Fridalen, Naustdal, Gaular, Gulen/Solund)

3.       Einingar med kateket og med 75% eller mindre enn av NAFN får kr 20.000 ekstra. 4*20.000=80.000 (Kvam, Loddefjord, Olsvik, Os)

4.       Einingar utan kateket og med NAFN på 90% får kr 30.000 ekstra. 2*30.000=60.000 (Luster, Meland)

5.       Einingar utan kateket og med NAFN på over 90% og under 99% kr 20.000 ekstra. 2*20.000=40.000 (Jølster, Sogndal/Leikanger)

6.       Einingar med alternativ NAFN under 330 (utan kateket) eller 240 (med kateket) og som elles ikkje får av utjevningstildeling får kr 10.000 ekstra. 5*10.000=50.000 (Fyllingsdalen, Laksevåg, Landås, Nygård, Slettebakken)

 b)      Ekstraløyving for 2015

7.       Prostia i Sogn og Fjordane, Nordhordland, Sunnhordland og Hardanger og Voss får inntil kr 20.000 kvar til å arrangere eller delta på fellessamlingar/fellestiltak. Tildelinga går til eit vertsfellesråd og vert disponert i samråd med prosten. (Bergen og Vesthordland har kort reiseveg og mange tilbod, og får ikkje av denne løyvinga). 6*20.000=120.000.

Alle einingar får kr 10.000 øyremerka til stimulering av frivillig innsats i trusopplæringa med særleg fokus på aldersgruppa 15-18 år. 74*10.000=740.000

c)       Utjamningsmidlar for 2015-2017 (kr 480.000)

8.       Einingar med tildeling under kr 120.000 får kr 30.000 ekstra. 3*30.000= 90.000 (Eidfjord, Jondal, Ulvik/Granvin)

9.       Einingar med tildeling under kr 210.000 får kr 20.000 ekstra. 8*20=160.000 (Løvstakksiden, Sandviken, Årstad, Fjaler, Fridalen, Naustdal, Gaular, Gulen/Solund)

10.   Einingar med kateket og med 75% eller mindre enn av NAFN får kr 20.000 ekstra. 4*20.000=80.000 (Kvam, Loddefjord, Olsvik, Os)

11.   Einingar utan kateket og med NAFN på 90% får kr 30.000 ekstra. 2*30.000=60.000 (Luster, Meland)

12.   Einingar utan kateket og med NAFN på over 90% og under 99% kr 20.000 ekstra. 2*20.000=40.000 (Jølster, Sogndal/Leikanger)

13.   Einingar med alternativ NAFN under 330 (utan kateket) eller 240 (med kateket) og som elles ikkje får av utjevningstildeling får kr 10.000 ekstra. 5*10.000=50.000 (Fyllingsdalen, Laksevåg, Landås, Nygård, Slettebakken)

d)      Ekstraløyving for 2015

14.   Prostia i Sogn og Fjordane, Nordhordland, Sunnhordland og Hardanger og Voss får inntil kr 20.000 kvar til å arrangere eller delta på fellessamlingar/fellestiltak. Tildelinga går til eit vertsfellesråd og vert disponert i samråd med prosten. (Bergen og Vesthordland har kort reiseveg og mange tilbod, og får ikkje av denne løyvinga). 6*20.000=120.000.

15.   Alle einingar får kr 10.000 øyremerka til stimulering av frivillig innsats i trusopplæringa med særleg fokus på aldersgruppa 15-18 år. 74*10.000=740.000.

Diakonstilling i Førde

Førde kyrkjelege fellesråd får 50 % statleg tilskot til diakonstilling fom. 1.8.2015 under føresetnad av lokal stønad til stillinga tilsvarande 50 % stilling.  Dette er midlar som tidlegare var brukt i Ytre Sogn.

Representant til KIA (Kristent interkulturelt arbeid) sitt regionråd

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner Arthur Pilskog som Bjørgvin bispedøme sin representant til KIA Bjørgvin sitt regionråd for perioden 1.1.2015 – 31.12.2017, med Sverre Langeland som 1. vararepresentant i same periode.

Styremedlemer til Stiftinga Familiekontoret i Bjørgvin

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner som styremedlemmar til Stiftinga Familiekontoret i Nordfjord for perioden 2015 – 2019 (perioden er frå 1. juni – 31. mai):

Magni Aa Berge, Hyen                             

Personleg vara: Per Jarle Myklebust, Byrkjelo

Rolf Schanke Eikum, Nordfjordeid         

Personleg vara: Benedikte Rydland Dæmring, Nordfjordeid

 

Sakliste

Godkjenning av innkalling og saksliste
Godkjenning av møtebok Sokneprest i Jondal og Utne sokn, Hardanger og Voss prosti
Sokneprest i Samnanger sokn, Hardanger og Voss prosti
Sokneprest i Nordhordland prosti med sokna i Gulen, Masfjorden og Solund som tenestestad- Nordhordland prosti
Tilskot til trusopplæringsreforma - fordeling av utjamningsmidlar
Omdisponering av statleg støtte til diakonstilling – frå «Ytre Sogn» til anna kyrkjeleg fellesråd
Oppnemning: nye representantar til KIA Bjørgvin sitt regionråd 2015 - 2017
Oppnemning av styremedlemmar - Stiftinga Familiekontoret i Nordfjord
Orienteringer

[Missing text '/cookieconsent/missingConsentSharing' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)'][Missing text '/cookieconsent/missingConsentMessageFunctional' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)']

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"