Oppdatert Koronainformasjon - Gudstenester for inntil 100 personar

Oppdatert informasjon gjeldande frå 23. februar frå Bjørgvin bispedøme om tiltak for å verna folk mot Korona-smitte. Hovudregelen no er at ein kan samla inntil 100 personar til gudsteneste eller gravferd, med mindre det er strengare reglar lokalt.

I denne artikkelen finn du biskopen sine råd og pålegg for kyrkja i Bjørgvin, basert på retningsliner og tilrådingar frå helsestyresmaktene. 

Det er innført nye retningslinjer frå styresmaktene og oppdatert smittervernrettleiar som gjeld frå 23. februar. Dei nasjonale retningslinjene opnar for gudstenester for inntil 100 personar (i tillegg til medverkande).  Ein skal ikkje delta på gudstenester andre stader enn i heimkommunen sin. Føresetnaden er at alle har ein fast plass der ein sit under heile gudstenesta. Det er likevel høve til å ha nattverd så lenge ein har tiltak som hindrar kødanning og trengsle.

  • «Fast» betyr at deltakarane skal sitje på tilviste plassar under heile arrangementet og ikkje bevege seg rundt i lokalet, utover ved nødvendige toalettbesøk eller liknande (f.eks. til dåp, nattverd osv.).
  • «Plass» betyr at deltakarane må sitje på eit sete/benk/golvteppe e.l. Arrangøren har ansvar for at stolar ikkje flyttast nærare enn ein meter, og at benkjer o.l. markerast med nødvendig avstand mellom sitjeplassane. Plassane bør vere plassert slik at ein unngår ansikt-til-ansikt-kontakt. Ståplassar fell utanfor begrepet.
  • «Tilvist» betyr at plassane anten er nummererte eller at vertar/vakter viser deltakarane til nærare bestemte plassar.

Alle som er til stades skal kunne halde ein meters avstand. Det blir anbefalt 2 meters avstand ved innandørs allsang. Avstand blir målt skulder til skulder i alle retningar.

Eit arrangement utan faste, tilviste plassar, har grense på maksimalt 10 personar i tillegg til medverkande.

Når det gjeld aktivitetar for born og unge skal desse framleis organiserast innanfor trafikklys-modellen, dersom det ikkje blir gjennomført som eit arrangement med «faste, tilviste» plassar.

"Trafikklys" i barne- og ungdomsarbeidet

Born og unge under 20 år kan delta i fritidsaktivitetar som normalt, både innandørs og utandørs. Dei kan også bli unnatekne frå anbefalinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.

Grønt, gult og raudt nivå i barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule vil få betydning for smitteverntiltak for tilsvarande aldersgruppe i det kyrkjelege barne- og ungdomsarbeidet.

Tiltaka som er skildra i smittevernrettleiaren til Den norske kyrkja er baserte på rettleiaren for barnehagar og skular. Ta gjerne kontakt med lokalt smittevernmynde om arbeidet.

NB! Alle kommunar kan innføre strengare råd og reglar basert på lokale smittesituasjonar. Det er difor viktig å følgje med på kva som gjeld i eigen kommune. Det er også klokt å kontakte kommunelegen dersom ein er i tvil om korleis enkelte tiltak kan gjennomførast.

Følgjande nasjonale reglar er framleis gjeldande:

  • Ved open kyrkje må det vere vertskap til stades. 
  • Aktivitetar for born og ungdom under 20 år kan tillatast. Dette gjeld også konfirmantundervisning. Det er viktig at ein held grensa på ein meter og elles har godt smittevern.
  • Konsertar og kulturarrangement er lov, så lenge ein følgjer reglane.
  • Ein kan arrangere ungdomsgudstenester i tilknytning til konfirmantundervisning, så lenge alle deltakarar er under 20 år og vanlege smittevernreglar blir følgde.
  • Det er mogeleg å arrangere konfirmantleir el.liknande, men då helst heimeleir, sidan det for tida ikkje er tilrådd å reise på tvers av kommunegrensene
  • Utandørs kan ein samla 200 x 3 deltakarar
  • Kyrkjelydane er ikkje stengde, ein kan kontakta dei tilsette på telefon eller e-post.
  • Biskopen har 20. januar sendt ut eit brev om gudstenester og nattverdfeiring.

Les meir om 2-metersregelen ved allsang som står i smittevernrettleiaren. Biskopen har også skrive eit brev til medarbeidarane i kyrkjelydane om praktiseringa av denne regelen. Brevet vart sendt ut via prostane 3. desember. 

Smittevernrettleiar

Kyrkjerådet, Bispemøtet, KA og styret i Norges kirkevergelag har saman laga smittevernrettleiaren for kyrkjene. Klikk her for å finna oppdatert smittevernrettleiar. Det er viktig at alle tilsette set seg godt inn i den oppdaterte versjonen av denne.

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovudprinsipp:

  1. Sjuke personar skal ikke delta på fysiske samlingar.
  2. Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
  3. Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  4. God avstand mellom alle som deltek.
  5. Tilstrekkeleg bemanning.

Som tidlegare, gjeld elles følgjande reglar:

Gudstenester

All aktivitet i kyrkjene må vere i tråd med den smittevernrettleiaren som Kyrkjerådet og KA har utarbeidd, sjå lenke nedst på denne sida.

Dåp

Det vert oppmoda til å prioritere å gjennomføre dåp. Dette kan skje i eigen dåpsgudsteneste der det ikkje er plass i vanlege gudstenester. For å melde dåp, ta kontakt med din lokale kyrkjelyd. 

Gravferd

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell. Inne kan det vera maks. 100 til stades, ute 200 x 3. Alle skal kunne halde ein avstand på minst 1 meter til dei ein ikkje bur saman med. Ved salmesang/allsang innandørs tilrår ein 2 meter avstand mellom personar som ikkje bur saman.

Vigsler

Vigsler (bryllup) kan gjennomførast på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar. 

Nyttige lenker

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"