Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Oppdatert Koronainformasjon - Gradvis opning for gudstenester

Oppdatert informasjon frå Bjørgvin bispedøme om tiltak for å verna folk mot Corona-smitte pr. 20. mai kl 09:00. Det blir gudsteneste i mange kyrkjer Kristi himmelfartsdag og søndag 24. mai. Sjå lokale nettsider om kva som gjeld i din kyrkjelyd. Smittevernrettleiarar for diakonale tiltak og kyrkjemusikk er no klare.

I denne artikkelen finn du biskopen sine råd og pålegg for kyrkja i Bjørgvin, basert på retningsliner og tilrådingar frå helsestyresmaktene. Oppdatert 20. mai 2020.

Smittevernrettleiar
Kyrkjerådet, Bispemøtet, KA og styret i Norges kirkevergelag har samarbeida om ein smittevernrettleiar for kyrkjene. Det er godkjent av Folkehelseinstituttet og gjeld frå 5. mai. Den vart oppdatert 12. mai med eit punkt om oversyn over deltakarar og namneregistrering.  Den inneheld smittevernreglar for korleis gudstjenester og andre kyrkjelege handlingar kan gjennomførast att på ein forsvarleg måte. Fellesrådet har ansvar for å sikre forsvarleg reinhald ut frå denne rettleiaren. Sjå lenker til smittervernrettleiaren nede under denne artikkelen.  Saman med rettleiaren finn du plakatar om smittevern til bruk i kyrkjene og ein mal for namnelister.

Det har også kome smittervernrettleiarar for barne- og ungdomsarbeid, diakontale samlingar og andre arrrangement,  kyrkjemusikk og kulturarrangement og sjelsorg og samtalar. 

Sjå KA si samleside med smittervernrettleiarar

Gudstenester

Det kan frå 10. mai haldast gudstenester i nokre kyrkjer, medan andre har tilbod på nett, sjå lokale nettsider og facebookgrupper, og oversyn på våre nettsider.  

Frå 7. mai kan det i gravferder, dåp og vigsler være 50 til stades.

All aktivitet i kyrkjene må vere i tråd med den smittevernrettleiaren som Kyrkjerådet og KA har utarbeidd, sjå lenke nedst på denne sida. 

Dåp
Dåp vil kunne gjennomførast som eiga samling med næraste famile til stades, men maks. 50 personar, og med gjeldande reglar om avstand ut frå omsyn til smittevern og lokale forhold. For å melde dåp, ta kontakt med din lokale kyrkjelyd.

Gravferd
Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med næraste pårørande til stades. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 50 pårørande som skal ha minst ein meter avstand mellom kvarandre, med mindre kommunelegen har sett strengare grenser.

Vigsler
Vigsler (bryllup) kan gjennomførast med dei næraste til stades, på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar.

Bruk av kyrkjeklokkene

Helgeringing:
Kyrkjene kan ringe inn helga i 5-10 minutt kvar laurdag klokka 17.

Konfirmasjonsgudstenestene

Kyrkjerådet og bispemøtet ber kyrkjelydane om å utsetja vårens konfirmasjonar til etter sommarferien.(Sjå eiga sak)

Kyrkjelydane tek kontakt med konfirmantane når det er klart kva som skjer vidare med konfirmantundervisning og evt. med førebels dato for konfirmasjonsgudsteneste når dei har dette klart.

Biskopen anbefalar at helga 5. - 6. september blir første mogelege dato for konfirmasjonsgudstenester. Det blir imidlertid opp til kvart sokneråd å fastsette konfirmasjonsdatoar.
Uansett må vi ta atterhald om at styresmaktene sine retningslinjer kan medføre at konfirmasjonsgudstenestene må utsetjast ytterlegare.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"