Stiftsmøtet 2020

Praktisk informasjon

Frå:10.6.2020 - kl.09.30

Til:10.6.2020 - kl.15.00

Stad:NETTKONFERANSE

Arrangør:Bjørgvin biskop og stiftsdirektør

Digitalt stiftsmøte

Tema: Å vere kyrkje i ei ny tid

Biskop Halvor Nordhaug

Preses Olav Fykse Tveit

m.fl.

Alle prestar i Bjørgvin er innkalla til møtet og må halda av dagen. Lokalt tilsette innan trusopplæring, diakoni, kyrkjemusikk, administrasjon m.m. er hjarteleg velkomne til å delta, men blir ikkje kalla inn. Møtet var opphaveleg planlagt arrangert som fagdagar for prestane og skulle haldast over to dagar i Ulvik.

Møtet vert direktesendt på nettet med høve til å gje tilbakemelding til biskopen og preses.

Sendinga vil truleg gå på YouTube. Møtet startar kl. 09:30, og etter møteslutt kl. 12.00 blir det digitale konvent for prestane i kvart prosti, etter avtale med prosten, og ettermøter på Teams for høvesvis diakonar/diakonoimedarbeidarar og tilsette som arbeider med undervisning/trusopplæring.

Stiftsmøtet 2020 blir sendt frå St. Jakob kirke i Bergen. Direkte sending, med ein del opptak.