Sunnivafestivalen

Praktisk informasjon

Frå:4.9.2020

Til:12.9.2020

Stad:Bergen

Arrangør:

850-årsmarkeringa av Sunniva-translasjonen og 950-årsjubiléet for Bergen by i 2020 

Festivalskisse per 9.3.2020. Med atterhald om endringar.

Med inspirasjon i legenda om St Sunnvia -arven frå Vest vil vi oppmode folk i by og bygd langs Vestlands-kysten til engasjement i spørsmåla:

Kven er vi?          Kor kjem vi frå?                Kor vil vi?

I høve 850-års-jubiléet for Sunniva-translasjonen og 950 års-jubiléet for Bergen by har det vakse fram eit nettverk av samarbeidsprosjekt mellom ulike menneske og miljø, oppløfta av framveksten av pilegrimsrørsla, rørte av og begeistra for legenda om Sta Sunniva – kongsdottera frå Irland – neppe fødd, men likevel så levande!

 

I 2020 er det 950 år sidan Bergen by vart grunnlagd, og 7. september 2020 er det 850 år sidan levningane av den irsk-fødde helgenen St. Sunniva blei overført frå Selja til Bergen.

Bergen kommune skriv om jubiléet på sine nettsider:

«Jubileumsåret gir oss en mulighet til å reflektere over vår fortid, nåtid og framtid, og til å bygge samspill og fellesskap i byen og regionen.

Verdiene i jubiléet

Tilgjengelighet og inkludering er viktige stikkord for feiringen, og vi ønsker å markere året gjennom arrangement og prosjekter som bygger opp under verdiene identitet, demokrati og bærekraft. Vi håper at mange i Bergen ønsker å bidra til å markere jubiléet på sitt vis.»

 

Samskaping mellom fleire aktørar i regionen

Ei rekke aktørar på Vestlandet har vore og er i dialog med Den norske ambassade i Dublin om ulike samarbeidsprosjekt, og det har vore naturleg å sjå om det er element frå desse relasjonane og prosjekta som kan gje substans og innhald til både Byjubiléet og translasjonsjubiléet. I tillegg kjem prosjekt som er utvikla uavhengig av relasjonen til Irland.

Bjørgvin bispedøme har, som del av kyrkja si satsing på pilegrimsmotivet, teke på seg rolla som koordinator for desse initiativa. No vil dei kome til Pilegrimsbyen Bergen, til vanns og til lands, for å feira, - kunstnarar og musikarar, biskopar, songarar og akademikarar frå inn- og utland.

Iverksetjing av den no permanente Kystpilegrimsleia frå Stavanger til Trondheim og startskotet for arbeidet med dei regionale kystpilegrimssentra i Selje og Bergen er ei glede å synleggjera i festivalen.

Følgjande prosjekt under utvikling og planlagt avvikla i dagane 4. – 12. september 2020:

 

  • 29. august – 5. september Kystpilegrims-seilas frå Selje til Bergen Kystpilegrimsferd for prostane i Bjørgvin bispedøme
  1. Ei gjenskaping av seilasen frå Selja til Bergen i 1170, med Sunnivaskrinet med Sta Sunniva sine levningar.  Samarbeid med Stad kommune/Selje regionale pilegrimssenter, kystkultur.no , Kystlaga frå Selje til Bergen, Bergen kystkultursenter.
  • Fredag 4. sept. kl. 14 – Boklansering og seminar på Bryggens MuseumLansering av ein ny publikasjon/artikkelsamling om Sta Sunniva (engelsk og norsk)
  1. 13.00 – Markering ved Sunnivamonumentet på Kristkirketomta, Holmen. Pilegrimsvandring til Mariakirken og vidare til Bryggens Museum.

Seminar med forfattarane

Arrangør: Universitetet i Bergen, Middelalderklyngen

Professor Åslaug Ommundsen, forskar Irene Baug og førsteamanuensis Alf Tore Hommedal

Fredag 4. sept. kl. 18.30 – konsert i Johanneskirken

Musikalsk samspel Irland Noreg med Sankt Sunniva som inspirasjon

Arven frå Vest

Arr. Bjørgvin bispedømme og Bergen domkirke menighet

Bill kr 380/250 (barn, stud.)

Medverkande: Helene Bøksle, songar, Tove Kragset, musikalsk leiar, Denis Carey, trekkspil, Lynda O’Connor, fiolin, Torbjørn Økland, gitar, Tarjei Nysted på div instrumenter, Brendan Graham, tekstlesar. Ragnhild Margrete Gudbrandsen, skodespelar

Sankta Sunniva kammerkor, kantor Eivind Berg

Birgit Amalie Nilssen, regissør

Arrangør: Bjørgvin bispedøme i samarbeid med Bergen domkirke menighet

Laurdag kl. 09:00 Økumenisk morgongudsteneste i Fana kyrkje

Biskopane frå Irland, England, m.fl.  Helene Bøksle, vokal, Tove Kragset, tangenter, Denis Carey, trekkspill, Lynda O`Connor, fiolin, Torbjørn Økland, gitar, Tarjei Nysted, div.

Arr.: Bjørgvin bispedøme, Fana prosti, Fana menighet, St. Paul katolske menighet

Laurdag kl. 10 00 Pilegrimsvandring frå Fana kyrkje mot Bergen (ulike etappar S, M, L)

Laurdag 5. sept kl. 11.00 - 16. Sunniva – vandringar/hendingar i Bergen sentrum

www.bergen 1517.com. www.grind.no, 7-tårnsturen.

Arr.: UiB, - Middelalderklyngen, Bergen domkirke menighet, Bergen ByExpert

Lille-lørdag med vesle-Sunniva, LittHus

Kl 13.00 Utstillingsåpning «Irish Medieval Sacred Journey Women». Sta Sunniva and her sisters. Kvinnelege helgenframstillingar frå Irland og Noreg.

Kurator: Aashild Grana. Inspiratorar: Else-Berit Eikeland og Alf Tore Hommedal.

Arr.: Bjørgvin bispedøme i samarbeid med Den kgl. Norske ambassade i Irland

Laurdag 5. sept kl. 14. Torgutstikkeren - Ankomst båtkortesje med Sunnivaskrinet frå Selja – prosesjon til Kristkyrkjetomten

Arr.: Stad kommune/Selje regionale pilegrimssenter, kystkultur.no , Kystlaga frå Selje til Bergen, Bergen kystkultursenter.

Laurdag 5. september kl. 18.00    Bergen Domkirke How does the legend of St. Sunniva inspire us as believers?

Bishops in dialogue: Who are we? Where do we come from? Where are we going?

  • How may our common religious roots inspire us to extended ecumenical interaction?
  • May the legend of St. Sunniva inspire us to take a more active role in receiving todays refugees?
  • How does the world wide community of christian believers respond to the most urgent challenges of today? Climate changes, immigrant increase, nationalism, terror, etc

Laurdag 5. september kl. 19. 30 Musikalske nyskapingar i kjølvatnet etter Sunniva

Bergen domkirke

Christ Church Cathedral Choir, Dublin, Bergen domkor. Domkantor Tom Little, Christ Church Cathedral, Dublin og domkantorane Kjetil Almenning og Sigurd Øgaard, Bergen domkirke

Arr.: Bergen domkirke menighet/Bjørgvin bispedøme, St. Paul katolske menighet

Søndag 6. september kl. 11.00 Økumenisk internasjonal jubileumsgudstjeneste

Domkirken i Bergen. Biskop Halvor Nordhaug, domprost Gudmund Waaler, geistlige gjester fra inn- og utlandVertskap: Bjørgvin bispedøme og Bergen domkirke menighet. Bergen domkor.

Mandag 7. september kl. 11 – Translatio Sunniva 850 år – Jubileumsmesse med kirkekaffe

Vertskap: St. Paul katolske menighet

Pontifikalmesse. Biskop Bernt og sokneprest Dom Alois med gjester.

Etterfulgt av fellesvandring til Kristkirketomten på Holmen.

5. – 11. september Sunnivareisen – Kvinner i oppbrudd – i Sunnivastova (LittHus)

Med utgangspunkt i historia til Sta Sunniva og Seljumennene, modige kvinner før og no, ei samtaleserie om korleis dette kan inspirere oss i dag. Bakteppe for veka er ei moderne Ikonutstilling frå Irland: «Irish Medieval Sacred Journey Women» St. Sunniva and her sisters. Kvinnelege helgenframstillinger frå Irland og Noreg.

Tilbod for barnefamiliar, skuleborn, samtalar og foredrag for fagfolk og folk flest.

Opnar laurdag 5. 9 kl. 11 med Lille-Laurdag.      
Kl 13. Opning Sunniva-utstilling

Arr.: Bjørgvin bispedøme, Litteraturhuset i Bergen, Universitetet i Bergen, St. Paul katolske menighet, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) Bergen.

Samarbeidspartnar: Kgl. Norsk ambassade i Irland

Laurdag 12.9. kl. 10 – 15  Pilegrimsvandring frå St. Paul katolske kyrkje til Fana kyrkje

Arr.: St. Paul katolske kyrkje

Vi kjenner stor glede over det samla engasjement, kompetanse og glød som ligg i bidraga frå enkeltpersonar og miljø i inn- og utland, for høvet til å lyfte fram fruktene frå arven etter Sta Sunniva, i Bergen, på Vestlandet og mykje vidare!

Den kyrkjehistoriske bakgrunnen for Sankta Sunniva-jubileet 2020 er at Sunniva-relikvien, altså det som vart rekna som Den heilage Sunnivas kropp, i 1170 vart overført frå Selja i Nordfjord til Bergen. Overføringa vert i det liturgiske språket gjerne kalla Sunnivas translatio. Den 7. september 1170 vart relikvien motteken i høgtidleg prosesjon og ført inn i dåverande Bergen domkyrkje, den store Kristkyrkja som i mellomalderen låg på det noverande Bergenhus. I 2020 er det 850 år sidan denne historiske og viktige hendinga for Bergen og for Vestlandet. Hovudmarkeringa av jubileet er lagt til dagane rundt translasjonsdagen 7. september.

I 361 år vart Sunniva-skrinet ståande opphøgd i Kristkyrkja. I løpet av denne tida vaks Sankta Sunniva seg inn som ein integrert del av mellomalderbyen Bergen. Sunniva vart vernehelgen for Bergen by og bispedøme, men ho vert i dei liturgiske tekstane også omtala som heile Noregs verje. Bergen vart ein pilegrimsby og Sunniva-kulten vart i ein viss grad spreidd, ikkje berre i Bergen bispedøme men via Bergens handelskontaktar alt frå Finnmark i nord til Tyskland i sør, frå Island i vest til Finland i aust.

Den rolla Sankta Sunniva spela i og utanfor mellomalderbyen Bergen er i dag stort sett gløymd. Det er på tide at Bergen og Vestlandet hentar fram att vernehelgenen sin som det religiøse og identitetsskapande elementet helgenen var og er. Jubileumsåret 2020 blir eit godt høve til å gjera seg kjent med denne sentrale figuren i Bergen og Vestlandets religiøse og kyrkjehistoriske liv.

 

 

Sunniva_© Mary Lorraine McHugh 2018