Rom for sorg og ettertanke

Når du har mista eit menneske du ikkje kan leva utan eller synest at verda raknar, har kyrkjene rom for dette. Vi markerer allehelgen 3. november, og då er det sett av særleg rom for sorg, anten den er ny eller har vore der lenge, kraftig eller meir dempa. Nedanfor kan du finna fram til ulike møtestadar med rom for sorg.

Det er ikkje godt å vere åleine i sorga. Oppsøk fellesskapet. Ill:Miksmaste

Over hundre arrangement

På kyrkja sin store felleskalender, skjerikyrkja.no, finn du oversyn over gudstenester og andre samlingar.
Så langt kan vi der finna over eitt hundre arrangement i kyrkjene i Bjørgvin 2. og 3. november, dei fleste av dei er gudstenester der det særleg vert gjeve rom for å minnast dei døde. Mange stader kan ein dessutan gå inn i kyrkja, tenna ljos, be, vera stille eller lytta til musikk.

Samtale om døden med representantar frå ulike religionar

Kirkelig dialogsenter Bergen arrangerer Den lille store samtalen: Husk at du skal dø! på Litteraturhuset i Bergen 30. oktober kl. 18:00.

Sjukehusprest John Kristian Rolfsnes, Imam Abiladif Ahmed og leiar for Gravferdsmyndigheten i Bergen, Anne Jønsson, vil snakka om bl.a.:  Kvifor er det så vanskeleg å snakke om døden? Må den vere så skummel? Kva skjer eigentleg når vi dør?  Korleis planlegg vi for eigen død? Kan vi gjere som vi vil med gravplassen? Kan vi spele musikk på gravplassen for den døde?

 

Helgemessekonsert i Årdal

Gravplassen på Årdalstangen i kveldsmørke med flaumljos på kyrkja. Foto: Ruth Jane Øren.

På Årdal kyrkjegard stiller Årdalstangen musikklag opp for å spela salmar kvar allehelgen. Laurdag 2. november kl. 17.00, stiller dei opp for 20. gong . Korpset held på ein halvtime før dei går rundt på gravplassen for å tenna ljos på gravene til avlidne medlemer av musikklaget.  Det er mange som vitjar gravplassen på denne tida og som får med seg konserten. I tillegg er kyrkja open.

Les meir om denne unike tradisjonen i Årdal

 

Sorgseminar i Åsane

I Åsane sokn blir det sorgseminar lørdag 18. januar. I etterkant av sorgseminara, blir det starta nye sorggrupper for vaksne, truleg i løpet av februar 2025 (dersom det er nok påmelde).

Det er også tilbod om sorggrupper for barn og unge ein gong pr år, nye grupper etter haustferien (8 samlingar frå okt til mars).

Brosjyrer for tilboda i Bergen finn du via lenke nedst på sida.

 

Førstehjelp ved sorg

Den norske kyrkja vil i månaden fram mot allehelgen gjennomføra ein kampanje på nettsider og sosiale medium med tips til korleis ein kan møta folk i sorg. "Førstehjelp ved sorg" er for alle.  Klikk her for å lesa meir om førstehjelp ved sorg her.

Den norske kyrkja vil i tida fram mot allehelgen dela tre videoar om førstehjelp ved sorg i sosiale medium. Dei handlar om "pause i sorga", "tida etter døden" og "ordet kondolerer".

 

Sorggrupper

Sorggrupper.no er ein portal med oversyn over tilbod både til barn, unge og vaksne, er landsdekkande, og med oversyn over dei tilboda som er melde inn, frå både kyrkja og andre aktørar.

 

Når barnet er pårørande

Faksimile av framside på faldaren Når barn er pårørende. Teikning av ein fem år gammal gut som sit åleine og framoverbøygd

«Når barn er pårørende» er ein folder på fire sider, skriven av Laila Hellesøy Ueland.

– Det er viktig å vere saman i sorga, og inkludere borna, skriv Ueland i foldaren. Ho og mannen har tidlegare skrive boka Gi sorgen rom – men ikke gi den hele huset. Der fortel dei om «ventesorga» dei opplevde då dei følgde dottera Lillian i kampen mot kreft. Ekteparet har i fleire år halde føredrag om sine opplevingar og om sorg.

Dei vonar den nye faldaren kan vera tilgjengeleg i kyrkjelydane, hos kreftforeninga og andre stader der sorg kan vera eit tema. Den kan kjøpast i papirversjon eller som pdf. Ta kontakt med tarald-u@online.no

 

Samtale

Kyrkja sine tilsette er tilgjengelege for samtale. Ta kontakt med din lokale kyrkjelyd. Du kan også kontakta KIrkens SOS, sjå lenke nedst på denne sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"